Stor stemning på stille førpremiere

Med tretti nye sitteputer og gratis popkorn til alle, var det god stemning i salen under førpremieren på Asterix og Obelix «Trylledrikkens hemmelighet» i Energisenteret for barn og unge fredag.

Bortsett frå latteren til tilskodarane var det ikkje mykje å høyre i salen. Via app på telefon og nettbrett fekk alle filmlyden i eigne øyrepluggar og kunne sjølve justere styrken. Slik kunne lillebror i barnevogna pludra høglydt i veg medan storesøster uforstyrra følgde Obelix på heftig villsvinjakt.

kino gjengen

Frå venstre: Malene Joensen, Ledergruppen ved Energisenteret for barn- og unge. Birgitte Jeeves Hammer Markeds- og programsjef Bergen Kino, Grethe Line Simonsen styreleder Bergen Kino, Lars Peder Vatshelle Bovim Ledergruppen Energisenteret for barn- og unge, Torhild Næss Vedeler konst. Klinikkdirektør Nevroklinikken.


Første kino i energisenteret

Førpremieren på den nye filmen om Asterix og Obelix  på fredag var første gong det har blitt arrangert kino i energisenteret. I lag med mannskap frå Bergen Kino har leiarteamet Malene Joensen og Lars Peder Vatshelle Bovim, stått på i fleire dagar for å lage klart for framvising i gymnastikksalen. Dei har vore rundt omkring på sjukehuset med plakatar og bilettar og har jamvel fått hjelp av klovnane med å invitere til premiere.
 
-  For ein fantastisk flott kinopremiere! Tusen takk til kvar og ein som har vore med på å gjere dette mogleg. Tilbakemeldinga frå pasientar og pårørande er fantastisk. Takk til Bergen kino og alle deira støttespelarar  for at dei var med og gjorde dagen magisk! Både blanding av areal og popkorn gav kjensla av kinomagi!, sa Torhild Vedeler som var den som først kom med ideen om kino på Haukeland universitetssjukehus.
 
Etter påske blir det kino kvar fredag ettermiddag
Det vil vere barne- og ungdomsfilmar som samstundes går på Bergen kino. På Energisenteret for barn- og unge er det plass til både rullestolar, senger og barnevogner.  Alle barn og unge med venner og familie er hjarteleg velkomen på kino. Det same er vaksne som er innlagd og har barn og unge som pårørande. Dei frivillige på Haukeland universitetssjukehus stiller opp og vil vere til stades ved filmframvisingane.

Sjå innslaget på NRK Hordaland

intervju


Fann du det du leita etter?