Dekorasjonen vil bli overrekt under eit arrangement i Bikuben kurs- og konferansenter på Haukeland tysdag 28. mars.
Les meir på kongehuset.no

Stener Kvinnsland gjekk av som administrerande direktør i Helse Bergen HF 31. august 2015. Han hadde då vore administrerande direktør sidan 1. januar 2007, etter å ha vore viseadministrerande og fagdirektør frå 2003.
St. Olavs Orden vart innstifta av Kong Oscar I i 1847. H.M. Kongen er ordenens Stormester.
Ordenen er oppkalla etter helgenkongen vår, Olav den heilage, og er inndelt i tre grader:
• Storkors
• Kommandør
• Ridder
Den Kongelige Norske St. Olavs Orden blir tildelt som "belønning for utmerkede fortjenester for Norge og menneskeheten".