Sterke inntrykk frå alvorleg meslingoppdrag på Samoa

Overlege Bjarte Askeland og anestesisjukepleiar Ivar Larsen på Haukeland brukte jul og nyttår til å kjempe mot meslingar på andre sida av jordkloden. På Samoa var dei del av innsatsteamet Norwegian Emergency Medical Team (NOR EMT) som rykkjer ut til kriser i heile verda.

Overlege Bjarte Askeland og anestesisjukepleiar Ivar Larsen er tilbake frå Samoa og meslingepidemien som kravde mange menneskeliv.

​- Vi fekk varsel 27. november om Noreg kunne stille med eit team. Vi avlyste julefeiring, jobbvakter og alt av andre aktivitetar i desember, og berre fire dagar seinare var vi på veg, fortel Bjarte Askeland som blei tatt ut som Senior Medical Officer i eit team med i alt 20 norske deltakarar som er spesialtrente for slik oppdrag.

Epidemi

Han og kollega Ivar Larsen drog for å hjelpe til i ein meslingepidemi der 1437 personar var blitt sjuke og 32 hadde døydd berre i løpet av to veker.

- Situasjonen i Samoa var svært alvorleg. Helsesystemet der er godt utbygd, men sjukehuset var overbelasta, svært mange var smitta, i hovudsak små barn, og mange hadde døydd. Dei trong spesialistteam og meir personell som kunne kome inn og jobbe i det eksisterande helsevesenet for å avhjelpe situasjonen, forklarer Bjarte.

Mange som døyde

Då dei kom til sjukehuset i hovudstaden Apia tidleg i desember var talet på meslingtilfelle kome opp i 4052 og talet på dei som ikkje overlevde sjukdommen, hadde auka til 60. Samoa har ca. 180 000 innbyggarar, og dei fleste tilfella var på hovudøya Upolu som har ca. 140 000 innbyggarar.

- Dette var alarmerande høge tal i ein så liten nasjon. For å få ei aning om omfanget av katastrofen, kan ein tenkje seg at det i løpet av knappe tre veker i Bergen skulle ha kome rundt 8000 akutt sjuke, mange i kritisk tilstand, og at det var over 100 dødsfall, forklarer Bjarte.

Internasjonalt samarbeid

Saman med hjelpeorganisasjonar frå blant anna Australia, New Zealand, Storbritannia, Fransk Polynesia, Papa New Guinea, Israel, Japan og Hawaii deltok NOR EMT i ein stor hjelpeaksjon for å få stoppa epidemien.
Saman med 500 helsearbeidarar frå andre land jobba teamet seg gjennom advent, julehøgtid og nyttår. Det var lange, travle arbeidsdagar der dei var med i bemanninga på intensiv-, føde-, barne- og operasjonsavdelinga, samt akuttmottak og sengepostar.

Alle planlagde operasjonar blei utsette på grunn av epidemien, men ikkje all jobbinga var relatert til meslingar. Ei norsk jordmor var med og tok imot 75 barn i løpet av dei 27 dagane ho var der, og det er fleire fødslar enn ho er med på i løpet av eitt år i Noreg.
Dei to fortel om 60 timars veker der dei jobba anten dag eller natt frå kl. 8-20 eller frå kl. 20-8.

Gjennomførte massevaksinasjon

Dagen etter at teamet kom til Stillehavsøya, gjennomførte styresmaktene på Samoa massevaksinasjon mot meslingar.
- Da blei det innført to dagars unntakstilstand, der alle tilsette i Samoa fekk fri, alle verksemder var stengte og all biltrafikk forbode frå soloppgang til kl. 17. Familiar med uvaksinerte kunne henge eit raudt flagg ved inngangsdøra for å gi signal til dei 200 vaksinasjonsteama med lokale og tilreisande helsearbeidarar som reiste rundt og vaksinerte. 130 000 blei vaksinerte, og det førte truleg til at vaksinasjonsdekninga i befolkninga auka til knappe 90 prosent, seier Bjarte.

- Ekstremt smittsamt

Høg vaksinasjonsdekning er heilt avgjerande for å kunne beskytte befolkninga mot smittsame sjukdommar.

- Meslingar er ekstremt smittsamt, og ein må ha kring 90 prosent vaksinasjonsdekning for å sikre flokkimmunitet. Når det gjeld babyar, så har ikkje vaksinen effekt før dei er seks månader gamle. Ein anbefaler difor meslingvaksine når barnet er mellom seks og ni månader. Små barn som ikkje er vaksinerte, har stor risiko for å bli alvorleg sjuke. Ein annan ting er at om ein blir sjuk av meslingar, så kan immunforsvaret vere svekt i fleire år etter at ein har vore sjuk, så derfor er det aldri lurt å ha meslingar, opplyser Bjarte.

Alvorlege ettersjukdommar

Bjarte og Ivar opplevde at det døyde fleire sjuke barn kvar einaste dag på sjukehuset i Apia. Flesteparten av dei som blei sjuke var barn under fire år. Mange blei alvorleg sjuke med pustestans, lammelsar og krampar som følge av ettersjukdommar. Sjukdommen kan også gi alvorlege betennelsar i lungar, hjarte og hjerne.

Vondt å sjå

Ivar jobba på Intensivavdelinga der heile desember. Der var mange av dei aller sjukaste pasientane.

- Det var hardt å vere vitne til kor mykje dei leid, både barn og vaksne. Dei kjempa med heile kroppen for å få puste tilstrekkeleg. På mange vis var det betre når dei blei lagt i søvn og på pustemaskin. Oppgåvene mine var mellom anna å gje antibiotika, febernedsettande, ernæring og overvake dei. Med så mange alvorleg sjuke pasientar blei ansvaret mitt langt meir omfattande enn det vi opplever her heime. Familien satt hos dei heile tida. Barna var på same alder som mine eigne barnebarn, og det gjorde inntrykket kanskje enda sterkare! Mange klarte seg ikkje… Det gjaldt også fleire av dei vaksne pasientane, fortel Ivar.

.

Ivar på jobb.


Skremmande erfaringar

- Meslingar er ingen uskuldig barnesjukdom slik nokon trur. Sjukdommen er så alvorleg at små barn døydde sjølv om dei fekk intensivbehandling. Det vi opplevde og såg på Samoa, var overveldande og skremmande, og har gitt oss ein heilt annan respekt og redsle for denne sjukdommen, seier dei to.

Dei sjuke barna gjorde sterkt inntrykk på helsearbeidarane, men det gjorde også takksemda som dei møtte frå innbyggarane på øya.

- Sjukdomsutbrotet påverka heile samfunnet, og dei var enormt takknemlege for den hjelpa dei fekk. Vi fekk stor takksemd frå alle vi møtte, og det var svært rørande og godt å motta.

Situasjonen roa seg

Etter kvart som vekene gjekk blei epidemien stoppa, situasjonen roa seg og folk kunne skrivast ut frå sjukehuset. Etter fleire veker med intens jobbing hadde talet på alvorleg sjuke barn som var innlagde på barneavdelinga gått ned frå 50 til berre nokre få. Totalt var det i løpet av meslingepidemien 5700 personar som blei sjuke, og 83 av desse døydde.

Heim igjen

Det blei 1. januar 2020 og dei norske helsearbeiderane kunne med god samvit setje seg på flyet heim igjen til Noreg.

- Vi ofra jul og nyttår for barna på Samoa, men det var utan tvil verdt det. Vi reiser gjerne ut igjen, forsikrar dei to som no er tilbake i kvardagen på Haukeland.