Bygginga av del to av Glasblokkene er i full gang. I veke 43 skal store,
tunge element som skal brukast til bygginga heisast på plass. For å få dette til
må ein nytte ei kraftig mobilkran. Denne er så stor, og heiseradiusen så
omfattande at det ikkje let seg gjere å halde innkøyringa i nord open.
Det vil då heller ikkje vere mogeleg å køyre inn til andre bygg aust for
Sentralblokka - som UiB sine bygg, sjukehusapoteka og Verkstedsbygget til
Haukeland. For å lage så lite problem som mogeleg vil entrepenøren gjere all
heisinga i uke 43, men må altså stenge for bilar i denne veka.
Gangstien inn til Sentralblokka vil vere open. Dette er framleis
den anbefalte vegen for også å komme seg til BB-bygget og
Lab-bygget.
Entrepenøren vil skilte i Haukelandsvegen slik at køyrande som kjem denne
vegen ikkje køyrer opp mot innkøyringa i nord. Kjem det køyrande likevel opp hit
vil dei bli geleida vidare - enten til innkøyring ved Pasienthotellet eller ned
til Ibsens gate via Edvard Griegs vei. (Forbi Kiwi og til venstre).
Sjå skisse:
