Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Statsministeren starta vardebygging på Haukeland

Saman med Kreftforeningen skal Haukeland universitetssjukehus bygge eit heilt nytt Vardesenter i Ibsensgate 118, for å kunne hjelpe fleire kreftpasientar og pårørande i åra som kjem. Midt i valkampen tok Statsminister Erna Solberg seg tid til å legge ned den første vardesteinen.

Publisert 31.08.2021
Sist oppdatert 07.06.2023
– Samarbeidet mellom Kreftforeningen og sjukehuset er nettopp det vi ønsker oss meir av. Saman kan vi gjere meir enn kvar for oss, sa Erna Solberg  til dei frammøtte i solskinet på Haukeland, før ho tok tak i den 10 kg tunge vardesteinen og la den trygt på plass ovanfor den ærverdige gamle trevillaen som skal bli nytt Vardesenter.

Ingrid Stenstadvold Ross, Eivind Hansen og Erna Solberg

Ingrid Stenstadvold Ross, Eivind Hansen og Erna Solberg.


 Av og til er eit anna menneske den beste hjelpa​​
- Kreftbehandling er tøft både for kropp og sinn. Dei fleste som har kreft, opplever at det er naturleg å føle seg trøytt og sliten under behandlinga. Men få er klar over at det skal vare i lang tid etterpå, og det kan vere vanskeleg å snakke med sine næraste om dette. Eg opplever ein sterk faglegheit og imponerande dyktigheit rundt desse vanskelege spørsmåla hos helsepersonell, og ikkje minst eit stort engasjement på pasientane sine vegne, sa Solberg.

 
- Men så er det sånn at helsetenesta kan ikkje hjelpe deg med alt. Av og til er den beste hjelpa eit menneske kan få, at eit anna menneske, med livserfaring av same type, kan lose deg gjennom vanskelege stunder og gi råd om korleis du kjem deg vidare. Vardesenteret er ein sånn stad, der du kan snakke med nokon som har opplevd det før. Som kan støtte deg på vegen og vere der lenge etterpå. Ein stad du kan kome innom når du føler for det.

Statsminister Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg er klar for å legge ned den første vardesteinen.

​Her kan du lese meir om det nye Vardesenteret

​Styrkar sjukehus-tilbodet

Vardesenteret er eit gratis lågterskeltilbod for kreftpasientar, pårørande og etterlatte i Helse Vest – som eit supplement til sjukehuset sitt medisinske behandlingstilbod. Vardesenteret i Bergen får stadig fleire besøkande og dagens midlertidige lokale i Parkbygget på Haukeland er sprengt. No er arbeidet i gang med å renovere og tilpasse den gamle trevillaen i Ibsensgate, like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

 
– Gjennom Vardesenteret får sjukehuset moglegheit til å kome pasientar og pårørande endå betre i møte, sa  Eivind Hansen i si helsing under vardesteinsnedlegginga.
 – Samarbeidet med Kreftforeningen som brukerorganisasjon, styrker også sjukehuset sitt arbeid med brukerperspektivet, og vi kan trekke vekslar på kvarandre sin kompetanse.

 
Ifølge Hansen utfyller Kreftforeningen og Haukeland kvarandre svært godt. 
- Sjukehuset har medisinsk spisskompetanse og tilsette som kan bidra i Vardesenterarbeidet. Kreftforeningen har frivillige og likepersonar, og dei har styrke og fleksibilitet til å rulle ut innsamlingsarbeid og setje viktige saker for kreftramma på den politiske dagsorden, sier Eivind Hansen.

 
Med nye og større lokale blir det også opna opp for at Vardesenteret kan kome andre pasientgrupper til gode, når lokala ikkje er i bruk av Vardesenteret.
– Vi er glade for at Kreftforeningen ser verdien av å dele med andre som treng det, seier Hansen.

Den første vardesteinen.

Den første vardesteinen.

Avgjerande for framtidas kreftomsorg

Også generalsekretær i Kreftforeningen Ingrid Stenstadvold Ross er glad for samarbeidet mellom sjukehuset og Kreftforeningen.

- Som kreftramma står du midt i ei livskrise. Derfor er det så viktig at folk får god kreftomsorg – i tillegg til den medisinske behandlinga på sjukehuset. Aukande besøkstal og mangfaldet i kurs- og aktivitetstilbod viser at kreftpasientar og deira pårørande ofte har behov for meir enn medisinsk behandling.

-​ Eg vil takke leiinga ved Haukeland universitetssjukehus for det flotte samarbeidet vi har. Vardesenteret er eit godt eksempel på at auka samhandling mellom den offentlege helsetenesta og frivillig sektor er avgjerande for fremtidas kreftomsorg.