Opninga av Utgreiingsmottak 2/Mottaksklinikken er den siste brikka som gjer at Mottaksmodellen på Haukeland er på plass. Sjukehuset startar ikkje berre ein ny klinikk, men set for alvor i gong ein ny mottaksmodell som involverer mange klinikkar som saman skal betre mottak og behandling av akutt sjuke pasientar på Haukeland.
Statsminister Erna Solberg skrytte i sin tale av både klinikken og Mottaksmodellen. Styreleiar Svein Gjedrem, Helse Vest-direktør Herlof Nilsen og administrerande direktør Eivind Hansen var og til stades. Statsministeren kom til klinikken i Sentralblokka via ambulanseinngangen i Akuttmottaket og klinikkdirektør Anne Taule og administrerande direktør Eivind Hansen viste statsministeren rundt på dei ulike einingane i klinikken.
Statsminister Solberg og dei andre gjestene fekk så vere med på ei traumeøving i den store traumestova i Akuttmottaket. Sjølve opninga var eit konfettishow - tilsette ved klinikken stod klare med konfetti-rør som farga den nye avdelinga i gull og sølv.