HELSENORGE

Startar traineeprogram for helsefagarbeidarar

Med eige traineeprogram håper Helse Bergen å auke talet på helsefagarbeidarar i sjukehuset. 

Fem unge helsefagrabeidarar i Helse Bergen
Fem flotte representantar for helsefagarbeidarane i Helse Bergen. No ønskjer sjukehuset å rekruttere fleire.
Helse Bergen er første føretak ut på Vestlandet med eige traineeprogram for helsefagarbeidarar.

​Utlysinga er ute no​

Solid fundament

Som deltakar i traineeprogrammet blir ein tilsett i 100 prosent fast stilling i Helse Bergen og arbeider ved tre ulike avdelingar i løpet av dei to åra traineeprogrammet varer. 

- Etter dette finn vi saman med den tilsette ut i kva for ei avdeling vedkommande skal halde fram i arbeidet sitt, fortel Steffen Fløysand Berland, rådgivar ved Bemanningssenteret og koordinator for det nye traineeprogrammet. 
Ifølge Berland er dette  også ei viktig satsing på kompetanse. 

- Fagprogrammet og breiddekompetansen er det unike her,  det gir et solid fundament for vidare arbeid som helsefagarbeidar i spesialisthelsetenesta, seier han.

Traineeprogrammet er ope for nyutdanna, men også for dei med lenger erfaring som ønsker å arbeide i spesialisthelsetenesta. 


Her kan du lese meir om det nye traineeprogrammet

Same modell som for sjukepleiarane

Traineeprogrammet er bygd opp etter same modell som traineeprogrammet for sjukepleiarar, som Helse Bergen starta i 2012. Det begynte med 6 stillingar i april 2012 og auka til 25 allereie i august same år. Frå 2022 er det auka til 40 tilsettingar i året, noko som betyr at Helse Bergen framover vil ha om lag  80 aktive traineesjukepleiarar  til ei kvar tid.


Totalt har 273 traineesjukepleiarar vore innom  programmet desse ti åra. Alle er innom tre ulike postar i løpet av programmet, noko som gir verdifull breiddeerfaring. Og alle får fast 100 prosent stilling.


Portrett Marta Ebbing. Foto
- Både traineeprogrammet for sjukepleiarar og det nye traineeprogrammet for helsefagarbeidarar er viktig satsing på kompetanse og heiltid, seier fagdirektør Marta Ebbing (bildet)​​.
- Vi ønsker at fulle, faste stillingar skal vere norma i Helse Bergen, og dette er eit steg vidare i den satsinga.


Treng medarbeidarar med ulik fagbakgrunn

Riktig samansetting og god tilgang på kompetanse er sentrale utfordringar for Helse Bergen dei komande åra. I 2020 vedtok Helse Bergen ein handlingsplan der målet er å gjennomføre ein gradvis auke av helsefagarbeidarar (i forhold til sjukepleiarar) i føretaket frå 8 til 16 prosent i perioden  2020 til 2025.

- Vi må sjå verdien av å ha ei breidde av kompetente medarbeidarar med ulik fagbakgrunn som kan bidra til å løyse oppgåvene framover, seier  Ebbing. 

- Helsefagarbeidarar har ein kompetanse som i større grad enn i dag kan nyttast i sjukehuset, ikkje minst i pasientnære oppgåver, påpeikar ho.

- Det er viktig å nytte rett kompetanse til rette oppgåver, og ha ein god plan for å rekruttere og behalde folk med den rette kompetansen. Vi håper mange, både nyutdanna og erfarne helsefagarbeidarar, ser verdien av å delta i traineeprogrammet og prøve seg i spesialisthelsetenesta.