Står utan avtale for pasientreiser i fleire distriktskommunar

Frå 14. september 2020 vil Helse Bergen vere utan avtale for transport av pasientar med rekvisisjon i fleire distriktskommunar. 

For pasientar dei aktuelle stadene betyr det at dei frå og med 14. september må ordne med transport sjølve  og legge ut for reisa, for så å søke refusjon i etterkant. 

- Vi er svært leie oss for at vi ikkje lenger kan tilby pasientar alle stader tilrettelagt transport slik vi har gjort til no, seier avdelingssjef Ann-Mari Høiland i Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen. 

- Saksbehandlingstida er heldigvis kort før pasientane får refundert utlegga sine. Vi vil gjere det vi kan for at pasientane enkelt kan søke refusjon for reiseutgifter, men vi veit at det vil vere ei ekstra belastning for ein del  pasientar å måtte ordne transport sjølve. Også den økonomiske sida kan vere utfordrande.

Dagens avtalar går ut 13. september

Per i dag står Helse Bergen utan avtale i følgande område frå 14.09.20: 
Austevoll, Gulen, Masfjorden, Samnanger, tidlegare Fusa kommune , Osterøy, Vaksdal, Modalen, i tillegg til Ølve og Hatlestrand i Kvinnherad kommune. Dette utgjer om lag  10 prosent av Helse Bergen sitt pasientreiseområde. 
Det er usikkerheit rundt kommunane Ulvik og og Kvam. 
- Vi er i dialog , og jobbar for å komme til semje, seier Høiland.
For Alver og Austrheim kommune er det inngått nye avtalar.
Helse Bergen har hatt to anbodskonkurransar i helseføretaket sine distriktskommunar vinteren 2019 og våren 2020. Nye avtalar vart inngått med drosjeselskap på Voss, Os, Fedje, Rong, Tjeldstø og Hellesøy i vinter, med oppstart 1. februar.

I anbodsrunde to vart konkurransegrunnlaget justert med blant anna auka pris etter innspela som kom i forhandlingsmøta med drosjeselskapa. 
Avtalane har blitt forlenga to gonger utover utløpt avtaleperiode. 
13. september opphøyrer dagens avtalar.

Urimelege forskjellar

Tilboda frå drosjeselskapa måtte avvisast i hovudsak fordi dei inneheldt  vesentlege avvik frå krava i anskaffelsesdokumenta.
For Helse Bergen sin del er det allereie urimeleg store prisforskjellar mellom transportøravtalane. Dersom prisdifferansen skulle blitt auka ytterlegare sett mot vilkåra i anbodsrunde éin, ville det bli store forskjellar for transportørane som inngjekk avtale 1.februar i år, påpeikar Høiland.
- Vi ønskjer like vilkår for avtalepartane våre. 
Det vart sett maksimalprisar i anbodskonkurransen, kor transportørene vart utfordra på å gi tilbod. Det betyr at drosjeselskapa må gi tilbod som ikkje overstig makspris for kva ulike tenester kan koste.

Ønskjer mindre variasjon i prisnivå

- Det gjorde vi fordi vi ønskjer å justere den store spreiinga i prisnivå som er i distriktet. Variasjonane er store, både mellom sentralane i distrikta og mellom alle avtalepartane våre. Prisane i distriktet ligg høgt, og dagens avtalar er svært kostbare for Helse Bergen, seier Høiland.

Ifølge Høiland er målet  å få avtalar med prisar som ikkje er urimeleg dyre sett i forhold til andre stader i landet og også internt mellom avtalepartane. 
- I ein periode no vil det bli meir belastande for pasientane, og det er vi svært leie oss for. Men på sikt vil det gagne dei ved at vi kan frigjere meir pengar til behandling. Både transport og pasientbehandling kjem frå same totalbudsjett, minner ho om. 

Nye anbod i løpet av hausten og vinteren

1.november blir det ei endring i yrkestransportlova som gjer at dagens løyveordning og monopolsituasjon opphøyrer. Det betyr at det blir frislepp av drosjeløyve. 

- Vi kjem då til å endre anbodsgrunnlaget vårt sidan vi ikkje er bundne av løyveområda lenger, fortel Høiland.

- Det vil bli lagt ut nytt anbod i løpet av hausten og vinteren. Det kjem til å inkludere Bergen/Askøy/Øygarden-området også, fordi avtalene der går ut i mai-21. 

Ifølgje Høiland forventar Avdeling for pasientreiser ein periode kor dei er utan avtalar for deler av området, for så å få på plass avtalar igjen etter ein ny og endra anbodsrunde som kan ta omsyn til frisleppet av løyve.


Har du spørsmål?

Dersom noko skulle vere uklart i forbindelse med manglande avtalar i ditt område, eller om du møter på utfordringar og har spørsmål, ta gjerne kontakt med Avdeling for pasientreiser på telefon 05515 eller på e-post pasientreiser@helse-bergen.no .

Sjølv om vi ikkje kan bestille transport for alle lenger, vil vi bistå og rettleie så godt vi kan i det enkelte tilfelle.
Avdeling for pasientreiser er open frå kl. 07.00 - 19.00 på kvardagar, og
kl. 09.00 - 15.00 på laurdagar.