Stadig fleire tar blodprøvar i sentrum

Nytt og fint, flinke tilsette og lite venting. Det er dommen frå pasientane som nyttar seg av blodprøvetakingsstasjonen i Zander Kaaes gate 7.

Klinikkdirektør Gunnar Mellgren, avdelingssjef Anne Grete Sælen Thue, administrerande direktør Eivind Hansen og fagbioingeniør Elisabeth Regine Henriksen under opningsmarkeringa 13. mai.

Haukeland sin blodprøvetakingsstasjon i sentrum har vore i full drift sidan august i fjor. Den er for pasientar som skal til innlegging eller kontroll på Haukeland universitetssjukehus, og for pasientar som blir sendt frå fastlegen sin til prøvetaking i Sentralblokka på Haukeland.

Zander Kaaes gate 7

Zander Kaaes gate 7

-Blodprøvetakingsstasjonen i sentrum er også sjukehuset, understrekar avdelingssjef Anne Grete Thue ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi på Haukeland.

Ho fortel at sentrumseininga framleis har god kapasitet, og oppmodar pasientar om å nytte seg av tilbodet.

Blodprøvetakingsstasjonen ligg i Zander Kaaes gate 7, rett ved sida av Jernbanestasjonen, og er såleis lett tilgjengeleg frå både buss, tog, bybane og parkeringshus. Det er inga timebestilling.

Her kan du lese meir om Zander Kaaes gate 7


• Opningstid: Måndag til fredag 08:00-14:00

• Blodprøvetakingsstasjonen kan nyttast av alle pasientar over 6 år. Barn under 6 år blir tilviste til laboratoriet på Barne- og ungdomsklinikken

• Inga timebestilling

• Alle prøvar som fastlegane kan rekvirere i "interactor" kan utførast her,
med unntak av: Kapillær syre base, venøs base/bikarbonat, laktat og TEG. Desse prøvane kan ikkje bli tatt her fordi dei har særleg kort haldbarheit

• Her kan du lese meir om poliklinikk for blodprøvetaking


Pasienten i sentrum

Måndag var det opningsmarkering, og administrerande direktør Eivind Hansen fekk omvising. Han var imponert over det han fekk sjå i Zander Kaaes gate. Lyse, fine lokale som i tillegg er svært sentralt plassert.

Administrerande direktør Eivind Hansen får omvising på blodprøvetakingsstasjonen i Zander Kaaes gate 7 ved Jernbanestasjonen. Fa

Administrerande direktør Eivind Hansen får omvising på blodprøvetakingsstasjonen i Zander Kaaes gate 7 ved Jernbanestasjonen. Fagbioingeniør Elisabeth Regine Henriksen (til høgre), avdelingssjef Anne Grete Sælen Thue, bioingeniør Christina Ramsnes og klinikkdirektør Gunnar Mellgren viser stolte fram det flotte tilbodet som set pasienten i sentrum.

- Det er flott for pasientane med eit tilbod som er så tilgjengeleg, seier han.

- Dette er eit godt døme på innovasjon, der ein tenker nytt for å imøtekomme pasientane sine behov. I tillegg er det gledeleg med eit så godt fysisk arbeidsmiljø.

Direktøren sitt inntrykk av blodprøvetakingsstasjonen blir støtta av både dei som jobbar der og pasientar som kjem innom.

Stikk innom i lunsjen

- Her er det nesten ikkje venting,  smiler ein mann som kjem inn for å ta blodprøver i lunsjen. 

Han arbeider i sentrum og har vore i Zander Kaaes gate for å ta blodprøvar fleire gongar sidan tilbodet kom, og er veldig fornøgd.

- Det er nytt og fint her, flinke tilsette og du kjem fort til, seier han.

- Eg bruker kortare tid på å få tatt blodprøve no enn eg bruker på å finne parkering på Haukeland.

Snart forsvinn han ut dørene igjen, og enno er ikkje lunsjen over.

Helsesekretær Nanthini Kunalingam tar blodprøve av ein pasient som stikk innom i lunsjen.

Helsesekretær Nanthini Kunalingam tar blodprøve av ein pasient som stikk innom i lunsjen.

Ifølgje fagbioingeniør Elisabeth Regine Henriksen er dette vanleg å høyre blant pasientane som nyttar seg av tilbodet i sentrum.

- Det er lettvint å kome hit både for oss og pasientane. Vi får mange gode tilbakemeldingar, seier ho.


Vellukka prøveordning

Det er Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi som driv prøvetakingsstasjonen. Stasjonen er kopla opp mot sjukehusets datasystem, slik at fastlegar kan rekvirere blodprøvar elektronisk. Stadig fleire pasientar kjem innom.

- Det har vore ei gradvis utvikling sidan vi opna i fjor, fortel Thue.

- No har vi om lag 50 pasientar dagleg, med ein topp på 3. påskedag då vi hadde 74.

Per no er to av fem prøvetakingsrom i bruk. Med alle fem i bruk og full bemanning kan ein i teorien betjene om lag 350 pasientar dagleg.

- Det vil krevje ei jamn tilstrøyming gjennom dagen, og per i dag har vi ikkje timebestilling. Men vi ser for oss å få på plass eit enkelt, nettbasert system.

Det er også planar om å utvide opningstida 1-2 dagar i veka frå kl. 07.30 til 17.00. I dag er det ope frå 08 til 14.

- Vi følger utviklinga og vil auke bemanninga når behovet tilseier det, seier Thue.

-Ein del pasientar gir også tilbakemelding om at dette er ønskeleg. Vi håper å kunne tilby utvida opningstider over sommaren.