Spennande haust på Vardesenteret

Avspenningskurs, kosthaldskurs og litterær konsert med fokus «Håp». Vardesenteret på Haukeland har mykje å by på i månadane framover.

Ansatte ved Vardesenteret
Tilsette ved Vardesenteret gler seg til ein innhaldsrik haust.

Avspenningskurset vart testa ut for første gong i vår, med gode tilbakemeldingar.

– Når vi opplever sjukdom og gjennomgår langvarige og slitsame behandlingar, reagerer kroppen vanlegvis med spenningar. Vi ønsker derfor å tilby pasientar og pårørande hjelp til sjølvhjelp. Dette kurset kjem psykologen vår Silje til å ha fleire gonger i haust, fortel senterkoordinator Mirjam Østevold.
Heilt nytt av året er litterær konsert i Parkbygget.
I haust har vi eit spennande samarbeid med Festspillene, og 1. november skal vi ha litterær konsert med tema «Håp», fortel Østevold.

– Dette gleder vi oss veldig til, vi er i gang med å planlegge og trur at dette kjem til å bli ei flott oppleving for dei som kjem.

Liten stad med mykje innhald

Vardesenteret opna i november 2014, og er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen. Senteret held til i Atriet i Parkbygget på Haukeland, og skal vere ein fristad for kreftramma og deira pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp.

– Vardesenteret er ein liten stad med mykje innhald, seier Østevold.

– Viss du skal til behandling, er Vardesenteret ein veldig grei plass å vente. Her får du kaffi eller noko å bite i mens du ventar, og ein prat om du ønsker det. Det er fire frivillige på Vardesenteret kvar dag, fordelt på to vakter. Vel så viktig er det at vi kan tilby deg profesjonell støtte og hjelp under og etter behandling. Blant dei faste tilboda på senteret er samtalar med klinisk ernæringsfysiolog, psykolog eller familieterapeut. Vårt primære mål er å vere eit godt supplement til den medisinske behandlinga som føregår her på sjukehuset. Å bli ramma av kreft er mykje meir enn berre ei fysisk påkjenning, og der ønsker vi å spele ei viktig rolle.

Mange faste tilbod

Likepersonar og jurist er også på senteret faste vekedagar.

– I tillegg har vi kreftkoordinatorar frå ulike kommunar på Vardesenteret kvar veke, og dei rapporterer at fleire pasientar og pårørande får hjelp i sin kommune på grunn av dette tilbodet. Kontakten med kommunen har dei oppretta alt før dei var ferdig med kreftbehandlinga, fortel ein entusiastisk senterleiar.

– Det er godt for oss å kunne bidra på denne måten, til nytte for dei som treng det!
Østevold understrekar samtidig at det finst mange flotte tilbod, både i og utanfor sjukehuset.
– Vi informerer breitt, men er samtidig opptatt av å hjelpe pasientane og dei pårørande til å finne tilbod som kan passe spesielt for dei.

Jamn auke


Talet på besøkande hos Vardesenteret har auka jamt og trutt sidan starten.

– Vi har i snitt ca. 200 besøk per veke, fortel senterkoordinator Østevold.
– Så langt har vi hatt om lag tusen fleire besøk i år enn i fjor, og dette skuldast nok at vi hadde ope gjennom heile sommaren. Det fekk vi til takka vere dei frivillige på Vardesenteret, og vi var mykje besøkt av pasientar og pårørande. Dei syntest det var ekstra hyggeleg at dei frivillige var til stades i ferien.
No gler Østevold seg til resten av hausten.

– Eg håper og trur at vi har eit program som kan passe for alle. Vi har forsøkt oss fram sidan starten, og eg trur vi har fått ein oversikt over kva behov vi kan dekke, seier ho.