HELSENORGE

Søker kollegaer til ny ROP-eining

Den nye ROP-eininga i Sandviken har alt tre fagpersonar på plass. No skal resten av stillingane fyllast, før oppstart på nyåret.

Fire personar utanfor Dr. Martens-bygget i Sandviken
Gunn-Vivian Eide, Emma Jones, Roger Atle Kårstad og Kristian Toppe Aarlie ønsker nye kollegaer varmt velkommen til ROP-eininga på Dr. Martens i Sandviken.
Dei som er på plass så langt er psykologspesialist Emma Jones, overlege og spesialist i psykiatri og rus- og avhengigheitsmedisin Gunn-Vivian Eide og assisterande seksjonsleiar Kristian Toppe Aarlie. Psykologspesialist Roger Atle Kårstad leier arbeidet med oppbygginga av eininga. No er firkløveret på utkikk etter sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar.

- Vi ønsker oss kollegaer som er motiverte, fagleg engasjerte og opptatt av trygge relasjonar og kvalitet i arbeidet, seier assisterande seksjonsleiar Kristian Toppe Aarlie. 
- Her får du ein unik moglegheit til å bidra i etableringa av eit tverrfagleg, spesialisert tilbod til ei pasientgruppe som lenge har falle litt mellom stolane. I ROP-eininga er vi opptatt av at pasientane skal få heilskapleg og god behandling  og bli møtt med respekt og omsorg.

Fire personar utanfor Dr.Martens-bygget i Sandviken.

Gunn-Vivian Eide, Emma Jones, Roger Atle Kårstad og Kristian Toppe Aarlie ønsker nye kollegaer varmt velkommen til ROP-eininga på Dr. Martens i Sandviken.


Her kan du lese meir om ROP-eininga​

Søknadsfristen er 6. juni 2022.

Del av ei større satsing

ROP-eininga blir oppretta som ein del av Helse Bergen si satsing på fagleg integrasjon mellom psykisk helsevern og rusmedisin. Sengeposten skal gi tilbod som inkluderer avrusing, stabilisering, utgreiing og behandling til pasientar med dei mest alvorlege psykiske tilstandane kombinert med rusproblematikk. 

- ROP-pasientane sin tilstand kan ofte karakteriserast som kronisk med svingande forløp, samstundes som stabile behandlingsrelasjonar er viktig, seier overlege Gunn-Vivian Eide.

- Dei fleste pasientane vil også ha behov for kommunale tenester, og god samhandling med kommunane blir derfor ei sentral oppgåve for oss i ROP-eininga. Å utvikle gode overgangar mellom ulike fasar i behandlingsforløpa er vesentleg, og vi vil ha kontakt med pasienten og samarbeidspartnarane både før og etter innlegging i døgnposten.  


Fokus på integrert behandling

I ROP-eininga vil teamet rundt pasienten arbeide recoveryorientert med ei heilskapleg tilnærming til pasientens kvardag der ein er opptatt av bustad, arbeid og ei meiningsfull fritid. 

- Rettleiing og kompetansebygging ovanfor andre blir også ein vesentleg del av oppgåvene, fortel psykologspesialist Emma Jones.

-  Det gjeld både andre einingar i spesialisthelsetenesta og kommunane.

Den faglege profilen til sengeposten vil ha fokus på integrert behandling der pasienten får oppfølging av same team både for rusavhengigheita si og den psykiske lidinga. Fokus på somatisk helse og levevaner vil også være en svært viktig del av behandlinga.


Held til i Sandviken

Sengeposten vil vere lokalisert i Dr. Martens bygget på Sandvikenområdet og er ein del av Psykiatrisk klinikk i Helse Bergen. I Martens-bygget vil ROP-eininga vere nabo med Avdeling for rusmedisin (AFR) sin Tvangspost, som nyleg flytta inn i underetasjen. 

Per i dag tilbyr AFR også stabilisering og døgnopphald i Martens-bygget. Psykiatrisk klinikk sin KRS (Seksjon kompleks rehabilitering) er også i Martens- bygget no, men skal flytte ned på Sandviken i løpet av sommaren. Det er denne etasjen ROP-sengeposten skal overta.

- Vi ønsker at Dr. Martens skal bli eit symbol på det nye og forbetra samarbeidet mellom psykisk helsevern og rusmedisin, seier prosjektleiar Kårstad. 

- Her blir vi del av eit større kollegium, noko som gir større tryggleik og meir fellesskap. Då er det lettare å få til samarbeid på tvers av fagfelt og etasjar. 


ROP- sengeposten skal starte drift i januar 2023.