Målet med Region Nordhordland Helsehus er å leggje til rette for brukarvennlege, berekraftige og framtidsretta løysingar for innbyggarane i Nordhordland. Ein samlar kommunale, interkommunale og spesialiserte helsetenester i nybygget, og samarbeidet skal gi betre helse og tryggleik for innbyggarane, og bidra til rekruttering og auka kompetanse innan helse- og omsorgssektoren.
Det er kommunane i regionen som eig bygget som ligg i Kvassnesvegen 40 i Knarvik.
Helse Bergen skal ha fleire tenester i bygget:
• Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
• Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk Nordhordland
• Hudpoliklinikk
• Dialyseeining
• Laboratorium og blodprøvetaking
• Ambulansestasjon
I tillegg vil Avdeling for rusmedisin leggje til rette for tilgang til sine polikliniske og ambulante tenester i bygget, og avansert Heimesjukehus for barn vil koble seg opp mot dei andre tenestene i bygget.
Kjem nærmare innbyggarane
- Med innflytting i Region Nordhordland Helsehus flyttar Helse Bergen nokre av tenestene sine nærare ut til der folk i regionen bur. Vi legg til rette for det utadvendte sjukehuset, eit av måla i Nasjonal helse- og sjukehusplan. Nokre av tenestene er nye som laboratoriet, medan andre er vidareutvikling av tenester Helse Bergen allereie har hatt i regionen, som dialyse og hudpoliklinkk. I Region Nordhordland Helsehus samlokaliserer vi tenester til barn og unge frå både kommune og spesialisthelseteneste i same etasje, det same gjer vi med tenester innan psykisk helsevern for vaksne. Med dette tek vi enda eit steg på vegen mot heilskapleg og samanhengande helse- og omsorgstenester til beste for pasientane, seier Møgster.
I bygget blir tenestene fordelte slik:
1. Etasje: Legevakt, ambulanse, fysio- og ergoterapi, kantine, garderobar og felles funksjonar
2. Etasje: Fastlegekontor, psykologkontor, ØHD – sengepost, dialyse, hudpoliklinikk, laboratorium og areal til legespesialistar/avtalespesialistar
3. Etasje: Tannklinikk, helsestasjon og jordmor, PPT
4. Etasje: Barnevern (kommune) og Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (HB)
5. Etasje: Psykisk helse og rus (kommune), Vaksenpsykiatrisk poliklinikk (Bjørgvin DPS, HB)
6. Etasje: Kunnskapssenter, møterom, musikkterapi, treningsrom
Sterke fagmiljø
- Denne samlokaliseringa legg godt til rette for å skape sterke fagmiljø og ei felles satsing på fag- og tenesteutvikling, læring og rekruttering av nødvendig kompetanse til regionen. Saman med kommunane i regionen, er vi med i eit prosjekt som skal leggje til rette for fag- og tenesteutvikling i Helsehuset, seier Randi-Luise Møgster.
Les meir om Region Nordhordland helsehus
Sjå dronefilm frå Region Nordhordland Helsehus