Snart blir det enklare å parkere på Haukeland

Frå måndag 11. mai innfører Helse Bergen eit nytt og enklare parkeringssystem for Haukelandsområdet og Sandviken (Psykiatrisk klinikk). Bommar og billettautomatar blir då erstatta av skiltgjenkjenningssystemet Sesam Sesam.

 

Helse Bergen har inngått avtale med Bergen Parkering om billettlaus parkering gjennom Sesam Sesam.
- Vi har hatt ein lang og grundig prosess, og vi er veldig fornøgde med at det er Bergen Parkering som skal levere den nye løysinga. Vi trur dei vil vere ein god samarbeidspartnar for oss, seier avdelingssjef Kari Riis i Hospitaldrift, Helse Bergen.

I den nye løysinga blir det sett opp kamera som les bilskilt ved inn- og utkøyring til parkering på Haukelandsområdet (Sentralblokka, sjukehusparken og KK/Augebygget) og i Sandviken (Psykiatrisk klinikk).
Bommane og billettautomatane blir fjerna, men grunna stor pågang vil det fortsatt vere bom ved KK/Augebygget for å hindre innkøyring dersom det er fullt på parkeringa.

Enklare og raskare

Ifølge Kari Riis vil den nye parkeringsløysinga gi fleire fordelar:
- Du køyrer raskare inn og ut av parkering fordi registrering/betaling av parkering skjer automatisk, og du treng ikkje bruke tid på betaling i automat. Med skiltgjenkjenning får vi også mykje betre oversikt over bilane som er parkerte på sjukehusområda. Det er også bra for miljøet at vi kuttar parkeringsbillettar i papir.


Universell utforming

Riis fortel at i tråd med parkeringsforskrifta innfrir ny parkeringsløysing krava til universell utforming, og tek i vare behova til dei ulike brukargruppene.

Det vil fortsatt vere Helse Bergen som driftar parkeringsanlegga og bestemmer parkeringsavgifter og gebyr.


Ikkje dyrare parkering

Riis forsikrer om at omlegginga ikkje vil føre til at det blir dyrare med parkering.
- Vi har hatt same pris for parkering sidan 2008, og dette blir ikkje endra ved overgang til Sesam Sesam. Den nye løysinga er tilpassa alle behov for våre ulike brukargrupper, og det vil framleis vere tilbod om kjøp av vekeskort for langtidspasientar og deira pårørande, seier ho.

Andre parkeringsanlegg i Bergen som bruker Sesam Sesam er Bergen Legevakt/Solheimsviken, ByGarasjen og KlosterGarasjen.


Fleire betalingsalternativ

For pasientar, pårøraende og andre besøkande som skal parkere på Haukelandsområdet eller i Sandviken, vil det frå 11. mai vere fleire betalingsalternativ å velje mellom:

  • Du kan laste ned Sesam Sesam-appen og registrere bilen din før du parkerer, da skjer betaling automatisk. Alternativt kan du registrere bilen din på nettsidene til Sesam Sesam.
  • Du kan betale for parkering i betalingsautomat.
  • Du kan betale på sesam-sesam.com innan 48 timar etter avslutta parkering.
  • Du kan parkere utan å registrere deg, da får du faktura i posten etterpå (gebyrfritt).

Er du blodgivar – finn du info om nye rutinar for parkering her
Er du dialysepasient – finn du info om nye rutinar for parkering her

Parkering for forflyttingshemma

For å få gratis parkering som forflyttingshemma, må du vise HC-kort og oppgi registreringsnummer på bil i resepsjonen i 0. etasje i Sentralblokka. Du vil da få lagt inn fritak for parkeringsavgift for eitt år. Fritaket må du hugse å fornye årleg. Ordninga gjeld parkering på Haukelandsområdet (Sentralblokka, sjukehusparken og KK/Augebygget) og i Sandviken (Psykiatrisk klinikk). Du kan ta kontakt om dette i resepsjonen i Sentralblokka frå måndag 11. mai.

Du vil finne oppdatert informasjon om parkering på nettsidene våre frå 11. mai 2020.

Det vil også vere informasjonsplakatar i parkeringshusa om den nye løysinga.