Snakk om sjølvmordstankar - det kan redde liv

Å snakke om sjølvmordstankar er som å skru på lyset i eit mørkt rom. Det vi trur skjuler seg i mørket, blir mindre farleg eller forsvinn. Det er hjelp å få, og det første steget er å tore å seie det vanskelege ordet sjølvmord.

Sjølvmord er eit stort folkehelseproblem, både i Noreg og i andre land. Kvart år tek ca. 600 personar sitt eige liv her til lands. Tala har vore stabile sidan byrjinga av 1980-talet. Til samanlikning har talet på drepne i trafikken gått ned i same periode frå kring 500 til 120 per år. Bak kvart tal i statistikken over sjølvmord ligg sorga over eit tapt menneskeliv, med etterlatne familiar og lokalsamfunn.

Det er tungt å leve under ein pandemi

Vi lever i spesielle tider. Helseinstitusjonar og frivillige hjelpesenter har rapportert om auka pågang i løpet av koronapandemien. Angst- og depresjonssymptom hos vaksne er nærmare tredobla under koronatiltaka, viser ein studie frå Universitetet i Oslo. Akan rapporterer om 42 prosent auke i talet på tilvisingar frå personar med problematisk alkoholforbruk. NHO skriv at haustdagane er mørke – også for bedriftene, og ein fryktar sviktande etterspørsel og konkursar.

Vi har alle begynt å sjå mot lysninga, og ventar på våren og ein vaksine. For mange av oss begynner det likevel å røyne på. Vi veit òg at dei mest sårbare blant oss ber den tyngste børa når ein langvarig unntakstilstand blir til den nye kvardagen.
Mange står for første gang i sitt liv utan jobb, eller har for første gong måtte vere heime for seg sjølv i mange månader i strekk. Mange er komne i ein situasjon dei ikkje hadde drøymt om for eitt år sidan. Mange vil òg anstrengje seg gjennom vinteren for å skjule korleis dei har det for omverda. Så korleis kan vi klare å ta vare på kvarandre?


Vi har ingen å miste

Regjeringa lanserte i år ein ny handlingsplan for å førebyggje sjølvmord, med ein nullvisjon. Eitt av verkemidla er å skape meir openheit om temaet sjølvmord i samfunnet. Sjølvmordstankar råkar ikkje berre dei med psykiske lidingar.
Slike tankar kan vere ein normal reaksjon på kriser og belastande livshendingar, eller på eit liv som over tid har blitt slitsamt og smertefullt. Ofte betyr det at det trengst endring til for å få det betre, men kanskje treng ein òg hjelp for å få til den endringa. For mange er den viktigaste hjelpa å finne hos familie, venner, kollegaer, eller andre som står ein nær. For andre er det hjelp i kommunen eller hos oss i spesialisthelsetenesta som skal til. For det er mange som vil og kan hjelpe.


Vil at fleire snakkar om sjølvmordstankar

Denne vinteren gjennomfører Helse Vest og sjukehusa på Vestlandet ein folkeopplysningskampanje for å førebyggje sjølvmord. Kampanjen har eit ganske enkelt, og likevel vanskeleg mål: At fleire skal våge å fortelje at dei har sjølvmordstankar, og at menneska rundt dei skal våge å spørje. Kampanjen skal motivere kvar og ein av oss til å ta den livreddande samtalen, og våge å snakke om sjølvmordstankar.

Det er ikkje lett å snakke om sjølvmordstankar når du skal gjere det for første gong. Vi kan vere usikre på kva ord og omgrep vi kan bruke, eller kva slags reaksjonar vi vil få. Nokre er kanskje òg usikre på kvar ein kan få hjelp, eller om vi gjer ting verre ved å snakke om sjølvmordstankar.
Heldigvis veit vi at det ikkje er farleg å spørje eller fortelje om sjølvmordstankar. Det er tvert imot ofte første steget på veg til å få god hjelp. Derfor har vi samla kvalitetssikra informasjon om det å snakke om sjølvmordstankar på nettstaden helse-vest.no/selvmord. Her finn du gode råd, enten du er glad i ein som strever, eller er ein som strever sjølv.

I samband med kampanjen vil du treffe på fleire kjente vestlandsfjes i media og i offentlegheita. Saman med desse fine folka vil vi forsøkje å gjere det lettare for oss alle å snakke om sjølvmordstankar.

På den måten trur vi det vil bli lettare å ta vare på kvarandre.
Snakk om sjølvmordstankar! Det kan redde liv.

Dette innlegget har vore publisert i Stavanger Aftenblad og er skrive av:
Anne Grete Seim Grønningsæter, Psykologspesialist, Helse Bergen
Åse Lundegaard Mattson, Psykolog, RVTS Vest
Lars Ravn Øhlckers, Psykologspesialist, Helse Stavanger
Ingrid Camilla Heggland, Psykologspesialist, Helse Fonna
Stig Magne Solstad, Psykologspesialist, Helse Førde
Jan Olav Johannessen, Psykiater, Helse Stavanger; professor, UiS
Henriette Rafoss Refseth, Psykologspesialist, Helse Stavanger