Slutt for telefonnummer 05300

Helse Bergen fjernar sitt telefonnummer 05300. Snart er det berre telefonnummer 55 97 50 00 som gjeld.

haukeland flyfoto
Avviklinga av Haukeland sitt 5-sifra nummer startar no. Snart er det berre 55 97 50 00 som gjeld.

- Det finst ikkje lenger gode grunnar til at vi skal operere med eit dyrare spesialnummer når vi allereie har eit vanleg 8-sifra nummer i bruk, seier Frode Hamre, einingsleiar Hospitaldrift Telefoni.

Dei 5-sifra telefonnummera blei i si tid innført for at dei skulle vere lette å huske i ei tid då ein ikkje hadde muligheit til å lagre nummera på mobiltelefonen. I dag eksisterer ikkje lenger det same behovet.

EU-domstolen har slått fast at næringsdrivande ikkje lenger kan tilvise kundane sine til dyre spesialnummer når dei treng hjelp, men dei offentlege instansane  er ikkje omfatta av avgjerda. Derfor er det offentlege etatar som fortsatt har desse nummera.

- Vi startar avviklinga av vårt 5-sifra nummer no. God service betyr mellom anna enkel tilgang til oss, og derfor skal det ikkje koste noko ekstra å ringe til oss, seier Hamre.

For å få ein smidig overgang for dei som fortsatt kontaktar sjukehuset på gammalt nummer, vil ein holde nummeret opent ei stund til.

- Sjukehuset må få litt tid på seg til å endre informasjon på nettsider, i brevmalar osv. Det gjeld eigentleg all informasjon som går ut frå sjukehuset, enten det er innkallingsbrev, brosjyrar eller anna, seier Hamre.