HELSENORGE

Slik kan protonsenteret bli

Kontrakt med utstyrsleverandør er signert, og på onsdag vart skisseprosjektet vedtatt i styret i Helse Bergen. Det er viktige dagar på vegen mot protonsenter ved Haukeland universitetssjukehus. 

protonsenter_inngang

Inngangsparti i Haueklandsbakken. Illustrasjon: Arkitema Architects

I rapporten som no er sendt til styret presenterast planane for bygget som skal huse neste generasjons strålebehandling. Protonsenteret skal ligge i Haukelandsbakken rett over nedre stasjon til Ulriksbanen. Protonsenteret vert planlagt med eit behandlingsrom og eit forskingsrom som ved behov kan omgjerast til eit klinisk behandlingsrom.

- Vi er no viktige steg nærare å gje kreftpasientar i Noreg ein meir skånsom behandling. Kontrakt med leverandør av protonutstyr er på plass. I skisseprosjektet er bygget detaljert  og tilpassa dei lokale tomteforhalda i Haukelandsbakken. Med skisser og illustrasjonar på bordet ser vi heilt konkret korleis protonsenteret kan bli sjåande ut når bygget skal takast i bruk i 2025, seier administrerande direktør Eivind Hansen. 

Last ned: Skisseprosjektrapport Protonsenteret (pdf)

protonsenter_vestibyle:foto

I vestibylen. Illustrasjon: Arkitema Architects

Uvanleg byggeprosjekt

Eit protonsenter skil seg frå ordinære sjukehusprosjekt ved at det i senteret berre skal utførast ein behandlingsmetode for stråling av kreft. Det er ei avgrensa pasientgruppe til å begynne med, på sikt vil man utvide denne gruppa for å tilby protonterapi til alle dei pasientane som vil ha nytte av dette, behandlingsmetoden er høgspesialisert og svært avansert teknisk.  Det er strenge krav til bygget si utforming, spesielt med tanke på stråleskjerming rundt protonakseleratoren og strålelinjene frem til behandlingsrom. 

protonsenter_fasase.foto

Bygget har to bygningsvolum, ein betongbunker for strålebehandlinga og ein enklare klinikkdel tilsvarande ordinære sjukehusbygg. Illustrasjon: Arkitema Architects

- Det nye protonsenteret er tilpassa utfordringane og det som er mogleg på tomta. Bygget har to bygningsvolum, ein betongbunker for strålebehandlinga og ein enklare klinikkdel tilsvarande ordinære sjukehusbygg. Oppdelinga i strålebehandlingsbunker og klinikkdel for protonbygget er ein konsekvens av dei forskjellige arealbehova og skjermingsbehov, seier prosjektleiar for byggeprosjektet Lars-Petter Smidt.



Protonsenteret skal innehalde fleire områder:

  • Plan U2: Parkeringsetasje og intern logistikk med heis/trapp
  • Plan U1: Personalrom, garderobe og driftsrelatere rom
  • Plan 01: Klinikkområder med hovudinngang, resepsjon, venteområder inkludert avskjerma plassar for barn, areal for behandlingsplanlegging, poliklinikk med arbeidsstasjonar, undersøkingsrom/samtalerom, laboratorium og prøvetakingsrom, arbeidsplassar og kontorfunksjoner
  • Plan 02: Behandlingsdelen med behandlingsrom og gantryer, arbeidsstasjonar, kontrollrom, medisinrom, konsultasjonsrom, areal for anestesi og oppvakning, bildediagnostikk med CT, MR og forskingsareal.
  • Plan 03: Kontor for utstyrsleverandør samt tilgang til verkstader, internheis og tekniske rom
protonsenter_ankost.foto

Ankomst. Illustrasjon: Arkitema Architects

Tunnel og heis frå Sentralblokka

Protonsenteret skal byggast på toppen av Haukelandsbakken med kort avstand til sjukepleiarhøgskulen og omkringliggjan­de bustader - og hybelhus. Området er eit framtidig utviklingsområde for Haukeland universitetssjukehus.

protontomt:foto

Protonsenteret skal byggast i Hauekalndsbakken rett over Ulriksbanens stasjon. Ein heis skal knytta området til sentralblokka.

For å knytte protonsenteret opp mot eksisterande bygningsmas­se og funksjoner vil det bli etablert ein tunnel og heisløysing frå Sentralblokka og opp til protonssentret som vil sikre:

  • Ein sikker trafikal forbindelse for pasientar (gåande og pasientar i seng) og tilsette
  • Optimal kommunikasjon, personflyt og fleksibilitet mellom fagmiljøa på HUS og protonsentret
  • Gode logistiske løysningar for varetransport (medisinar, forbruksartiklar, arbeidstøy mv.)
  • Ei trafikal løysning som reduserer trafikk- og person­bil belastninga i Haukelandsbakken
  • Ei logistikkløysning som reduserer behovet for p-plas­ser ved protonsenteret
  • Ei løysning som tek vare på og forsterkar det framtidige utviklingspotensialet for området
 
- Heisen skal sikre god tilgang til senteret for pasientar og tilsette i protonsenteret. I tillegg er Haukelandsbakken eit framtidig utviklingsområde for Haukeland universitetssjukehus. Med heisen blir området knytta tettare til sjukehuset, og vi vil framover sjå på korleis vi kan utnytte området rundt senteret i framtida, seier Eivind Hansen.

protonsenter_resepsjon:foto

Resepsjonen i klinikkdelen. Illustrasjon: Arkitema Architects

Kontrakt med utstyrsleverandør signert

Protonutstyret påverkar i stor grad utforminga av bygget. Det har difor vore  kontinuerleg koordinering mellom byggeprosjektet og arbeidet med å anskaffe protonutstyr til senteret.  

gantru med jente og lege.foto

Biletet viser eit behandlingsrom innvendig med bordrobotsystem med bordtopp midt på biletet. Vi ser også stråle nozzle (sluttstykke) som inneheld utstyr for kontroll med og finjustering av protonstrålen. Foto: Varian Medical Systems.

Protonsenteret ved HUS skal saman med det nye senteret på Radiumhospitalet være eit tilbod til heile landet, ein fleirregional behandlingsteneste. Dei to protonsentra vil ved full drift kunne tilby protonterapi til om lag 5 % av stråleterapipasientane i Noreg.  Anskaffing av protonutstyr har vore organisert som eit eige, nasjonalt prosjekt. Kontrakten med Varian Medical Systems vart signert 2. mai.

Les meir: Kontrakt signert med utstyrsleverandør til protonsentra i Noreg

Organisasjonsutvikling

Parallelt med arbeidet med skisseprosjektet er arbeidet med eit større organisasjonsutviklingsprosjekt starta. Målsettinga med å starte så tidig er at sjukehuset skal vere førebudd og klar til å ta i bruk nytt bygg og utstyr for protonterapi når bygget står ferdig. Organisasjonsutviklingsprosjektet har starte å jobbe med behov for bemanning, pasientforløp og arbeidsprosessar.

Forprosjekt neste steg

Skisseprosjektet er gjennomført av Helse Bergen HF sin prosjektorganisasjon og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus. Det er gjennomført ei rekke brukarmøter. Det har vore gjennomført risiko- og sårbarheitsanalyse med fokus på design. I tillegg har Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) vore involvert i prosessen og gitt nødvendig løyve til anskaffing  av utstyr for protonterapi.

Det har også vore engasjert ei prosjekteringsgruppe for utarbeiding av skisseprosjektet for protonsenter haust 2018. Prosjekteringsgruppa har bestått av Arkitema Architects, Rambøll, Multiconsult, Norconsult og Bygganalyse. Arbeidet starta i oktober 2018 og vart avslutta april 2019. Etter at skisseprosjektrapporten er vedtatt, vil Helse Bergen inngå kontrakt med rådgjevarar for dei  ulike fagområda både for forprosjekt, detaljprosjekt og byggefase. Dette skal sikre kontinuitet innan dei ulike ansvarsområda.

Helse Bergen planlegg å starte arbeid på tomta i august 2020 med sprengingsarbeider og start av arbeid med tunnel. Det forutset at arbeidet går som planlagt og i nært samarbeid med leverandør av protonutstyret. Ferdigstilling av anlegget er planlagt i overgangen 2023-2024 med planlagt klinisk oppstart med protonterapi i 2024.