Frå 23.12 til 26.12 og frå 31.12 – 02.01 vil besøkstida vere frå kl. 10.00 til 20.00.
Besøksreglane er dei same som før, du finn dei her:
Det er lov å ha med blomar når du kjem på besøk, det er også lov å sende blomar til sjukehuset med bud.
Som før må også alle pasientar som skal til sjukehuset i jule- og nyttårshelga, fylle ut skjema på helsenorge.no tre dagar før timen sin.
Du vil få tilsendt lenke til denne sida på SMS i forkant av timen din.
Det vil vere vektar til stades i døra til Sentralblokka i jule- og nyttårshelga, frå 08.00 om morgonen til kl. 20.00 om kvelden.
Permisjon
For nokre pasientar vil det vere mogleg å få permisjon i jule- og nyttårshelga. Dette må avtalast med avdelinga.
Det vil bli gjennomført ny pre-screening når pasienten kjem tilbake til sjukehuset etter enda permisjon dersom pasienten har vore utanfor sjukehuset i meir enn 24 timar.