HELSENORGE

Slagforsking frå Haukeland i amerikanske retningslinjer

I nye amerikanske retningslinjer for behandling av hjerneslag blir det vist til to studiar frå Bergen Stroke Research Group ved Haukeland universitetssjukehus.

Bergen Stroke Research Group vart etablert i 2004, og blir driven frå Nevrologisk avdeling på Haukeland. Slaggruppa gjennomfører ei rekkje større forskingsprosjekt innan hjerneslag, blant anna

• NOR-TEST (Norwegian Tenecteplase Stroke Trial ) med blodproppløysande medikament
og
• NOR-SASS (Norwegian Sonothrombolysis Acute Stroke Study) med ultralydbehandling

Begge studiane er publisert i verdsleiande tidsskrift.

American Heart Association (AHA) og American Stroke Association (ASA) har no utgitt nye retningslinjer 2018 for slagbehandling. Begge studiane nemnt over er inkludert i separate avsnitt i retningslinjene. Dei amerikanske retningslinjene er førande for slagbehandling i heile verda.

Overlege Lars Thomassen ved Nevrologisk avdeling er stolt over det norske bidraget.

- Det er jo stort at Haukeland-initierte studiar får direkte tyding for internasjonale retningslinjer, og at desse opnar for internasjonal endring av slagbehandling , seier han.

Les meir i Dagens medisin