Skal vise veg for kreftpasientar og pårørande

Måndag var for første gong kreftkoordinator frå Bergen kommune på plass i Vardesenteret på Haukeland. Kvar måndag skal dei vere der og bistå med råd og rettleiing, eller berre for ein prat over ein kopp kaffi.

Kreftkoordinator Ester Marie Weløy (til høgre) , her i samtale med Vardevert Marit. Måndagane framover er målet å ha mange gode samtalar med kreftpasientar og deira pårørande.

Ester Marie Weløy er ein av tre kreftkoordinatorar frå Bergen kommune som skal dele på oppgåva på Vardesenteret. Dei to andre er Anne Marie Vallestad og Lilly Sofie Robertstad. Kvar måndag er ein av dei på plass, frå klokka 10 til 15. Weløy fortel at det alt første dag har vore litt henvendelser, sjølv om tilbodet enno ikkje er kjent på alle sjukehusavdelingane.


- Eg har vore her, gått litt rundt og prata og hatt nokre gode samtalar. For mange kreftpasientar er det godt å kome hit og berre slappe litt av, men det er også veldig mange som har spørsmål når først praten kjem i gang, seier ho.

Guide vidare

Kreftkoordinatorane skal ha oversikt over relevante tilbod og tenester, både kommunale, frivillige og ikkje-kommunale.
Og sjølv om dei er frå Bergen kommune, har dei oversikt over mykje som er felles for alle pasienter uavhengig av bustad, og dei har god oversikt over ressurspersonar i andre kommunar. Dei kan også gi informasjon, råd og rettleiing knytt til alle fasar av eit sjukdomsforløp.

- Vi skal vere oppdaterte, halde oss a jour, seier Weløy.

- Men det er ikkje alltid vi har eit svar, då kan vi undersøke eller tipse om kor dei kan henvende seg for å få hjelp, guide dei vidare. Det er uansett
viktig at alle blir sett og møtt på ein god måte.

Styrke samarbeidet

Sjølv om kreftpasientar og deira pårørande er hovudmålgruppa for kreftkoordinatorane, skal dei også vere synlege og tilgjengelege for samarbeidspartnarar i kommunen og spesialisthelsetenesta. På Vardesenteret kan også tilsette på sjukehuset ta kontakt med kreftkoordinatoren om dei har spørsmål.


Senterleiar Mirjam Østevold er glad for å ha kreftkoordinator på plass.

- Ei av oppgåvene til Vardesenteret er å styrke samarbeidet mellom sjukehuset og kommunen. Det gjer vi blant anna ved å ha Ester Marie og kollegaene hennar her ein dag i veka. Ved å knytte kommune og sjukehus tettare saman styrker vi også pasientforløpet, understrekar ho.

 

Låg terskel

Sist men ikkje minst håper sjølvsagt Østevold at det vil bli endå lettare for pasientane å kontakte kreftkoordinator når dei er på sjukehuset. Det trur Weløy at det blir.

- Dette er ein meir uformell arena, der terskelen for å ta kontakt er låg, seier ho.

- Eg trur ein slik møtestad kan vere nyttig.