Skal ta vare på trua arter

Medisinerstudentane sin Urtehage og Haukelands Venner sin Rosehage utanfor kantina i Sentralblokka på Haukeland, får no selskap av ein bevaringshage.

 

Også den nye «Hagen på taket» er sponsa av Haukelands venner, og denne gongen samarbeider dei med både sjukehuset og Botanisk hage for å utvikle ein bevaringshage på taket av Haukeland.

Ein god stad for pasientar og pårørande

- Vi er glade for å kunne bidra til ein ny hage som gjer takterrassen til ein endå trivlegare stad å vere for pasientar og pårørande, seier styreleiar Helge Dyrnes i Haukelands venner.

Student Hedda Holm frå UiB og Olafur Olafsson frå Team Park og vei på Haukeland fortel om prosjekt
Student Hedda Holm frå UiB og Olafur Olafsson frå Team Park og vei på Haukeland fortel om prosjekt "Taket på hagen" til Helge Dyrnes (i midten), styreleiar i Haukelands venner.


Han synest det er ekstra flott med ein bevaringshage som tar vare på trua arter, og som etter kvart vil få informasjonsskilt som fortel om dei sjeldne plantane.

- Det er alt flott her med Rosehagen og Urtehagen, og  no får vi ein bevaringshage. I tillegg har vi nyleg fått på plass nokre nye utemøblar. Vi håper dette vil vere ein god plass for pasientar og pårørande å kome til, seier Dyrnes.



Formidlinga er ein del av det å ta vare på

Det håper Hedda Holm også. Ho går andre året på Miljø-og ressursfag ved Universitetet i Bergen, og har praksisplass hos Universitetets botaniske hage. Å arbeide med prosjektet «Hagen på taket» er ein del av praksisen.

- Prosjektet skal lage ein bevaringshage på taket, der historia til trua arter blir formidla, fortel Holm.

Til ei kvar tid står artar i fare for å bli utrydda, også i Noreg. Botanisk hage passar på dei trua artane, slik at vi kan behalde mangfaldet for framtida. Ein viktig del av arbeidet med å ta vare på dei trua artane, er å formidle dette til samfunnet.

Dugnad for å lage bevaringshage på takterrassen utanfor Sentralblokka på Haukeland
Dugnad for å lage bevaringshage utanfor kantina i Sentrablokka på Haukeland


11 sjeldne plantar

Med innsats frå både Holm, tilsette ved Arboretet og Botanisk hage, UiB og Team Park og vei på Haukeland vart plantekassane tømt for gamle plantar og jord denne veka. I slutten av mai skal elleve sjeldne plantar i jorda på taket av sjukehuset. Plantane kjem enten frå naturen eller frå frø frå Botanisk hage, og er akkurat no i produksjon ved Arboretet og Botanisk hage sitt veksthus på Milde.