Personheisane i sør blir stengde for vanleg bruk mellom 07.30 og 17.00 mandag til fredag frå og med mandag 25. april. Sjukehuset oppfordrar alle som er i stand til det om å ta trapp, rulletrapp eller heisane i nord medan arbeidet pågår.
Arbeidet i sør er ein del av eit større prosjekt der alle heisane i Sentralblokka blir skifta ut. Heisane i nord er allereie skifta. Monteringa av dei gamle heisane starta under bygginga av Sentralblokka i 1978. Når arbeidet med nye heisar er ferdig i 2023, vil alle heisane i blokka vere av den nye typen som totalt vil auke kapasiteten.