Sjukehusa våre treng deg som er helsepersonell

Sjukehusa i Helse Bergen treng ekstra personell i samband med koronautbrotet, og vi treng det raskt. Er du lege, sjukepleiar, spesialsjukepleiar, jordmor  eller student innan desse områda?  Er du helsefagarbeidar/hjelpepleiar eller helsesekretær/medisinsk sekretær? Vi treng kompetansen din.

 
Registrer deg her
 
Vi treng deg som ikkje har eit stillingsforhold i sjukehus eller kommune, og som ønsker å bidra. Har du allereie eit arbeidsforhold i sjukehus og/eller kommune er du medrekna i planane våre og treng ikkje melde deg her. Det er også gitt eigen informasjon til studentar ved universiteta og høgskulane på Vestlandet.
 
I denne omgang vil vi at du registrerer deg med CV, så tar vi kontakt ved behov.
Når du registrerer deg ber vi om at du fortel oss, alt etter kva bakgrunn du har:
- kva utdanning du har og spesifiserer erfaring. Legg ved autorisasjonsnummer om du har det
- kva utdanning tar du, og kva semester/studieår er du på
- eventuelt kva type erfaring frå sjukehus og kommune du har
- når kan du starte å arbeide, og i kor stor stillingsprosent
 
Informasjonsside om korona