Alle dei fire helseføretaka i regionen, Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger og Helse Bergen - i tillegg til Haraldsplass Diakonale Sykehus, Sjukehusapoteka Vest og det regionale helseføretaket, er ikkje lenger i beredskap.
- Pandemisituasjonen tilseier at vi no kan gå ut av beredskap. Pasientstrømmen handterar vi innanfor ordinær drift. Situasjonen i Ukraina gjer at vi følger situasjonen nøye, men den krevjer foreløpig ikkje at vi er i beredskap. Som alltid går vi ned når vi kan og justerer opp igjen straks situasjonen tilseier at vi må, seier administrerande direktør ved Haukeland universitetsjukehus, Eivind Hansen.
– Det er godt at vi no kan ta ned dei ekstraordinære strukturane for beredskap knytt til pandemien. Det har vore lange periodar som har kravd ekstra innsats av medarbeidarar og leiare i sjukehusa. Den innsatsen som medarbeidarane har lagt ned under pandemien, og framleis gjer, er heilt avgjerande, seier administrerande direktør, Inger Cathrine Bryne.
I beredskap frå november 21
Det var i juni 2021 at Helse Vest gjekk heilt ut av beredskap sist, etter å ha vore i beredskap frå 12. mars 2020. Frå 9. november 2021 gjekk Helse Vest inn i grøn beredskap igjen, då fleire pasientar med covid-19 vart lagde inn på sjukehusa på same tid som mange born fekk RS-virus. 26. november auka det til gul, før det gjekk ned igjen til grøn beredskap frå 27. januar 2022.
– Vi fortset med å følge tiltaka og sette smittevern høgt framover òg. Dette blir følgd opp i dei ordinære linjene vi har, seier Bryne.
Vil følgje utviklinga nøye framover
Sjølv om drifta i sjukehusa no kan nærme seg normal, vil krigen i Ukraina, framleis opptrapping av planlagd aktivitet etter pandemien og auka ventetider påverke ordinær drift.
– Vi vil sjølvsagt følgje utviklinga nøye. Viss vi ser at det er behov for å gå inn i beredskap igjen, så vil vi ha låg terskel for det, avsluttar Bryne.