Sjeldne sjukdommar kan skuldast arkitekturen rundt eit gen

Ein ny studie med bidrag frå Haukeland viser for første gong korleis eit gen blir regulert av genarkitekturen rundt genet.  Sjeldne sjukdommar treng altså ikkje skuldast feil i sjølve genet men i genets omgivnader, også i regionar som ligg langt unna.

 

Seksjonsoverlege Gunnar Houge ved Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin er medforfattar på artikkelen «Formation of new chromatin domains determines pathogenicity of genomic duplications» som nyleg vart publisert i Nature, verdas fremste vitskaplege tidsskrift.

- Vi har bidratt med ein pasient som har feilregulering av SOX9-genet, og denne pasienten utgjorde ein av fleire bitar i det puslespelet som til slutt forklarte korleis eit gen blir regulert av «den genomiske arkitektur» omkring genet, forklarer han.


Bygger 3D-arkitektur

Arveanlegg er ein lang DNA-tråd. Berre 1,5 prosent av denne tråden (genomet) er proteinkoda gener.

- Ein har lenge lurt på kva resten av DNA-tråden eigentleg trengs til, seier Houge.

No viser det seg at resten av DNA-tråden bygger ein 3D-arkitektur, som er avgjerande for dei enkelte gena si regulering.

- Du kan tenke deg det som eit gen-rom, forklarer Houge.
Han samanliknar genarkitekturen med ei enorm blokk med 10 000 rom som det bur unike gener (”menneske”) i. Kvart rom er tilpassa det mennesket eller dei menneska som bur der, og derfor bør ikkje menneska bytte rom med kvarandre.

Gen-forskarar må tenke nytt

Studien tar utgangspunkt i nokre familiar med sjeldne sjukdommar som involverer SOX9-genet.

- Vår pasient er ein av mange som har vore med på å bevisstgjere genforskarar på at dei må tenke nytt. Vi kan ikkje berre sjå på sjølve gena, men òg på korleis gena blir påverka av genarkitekturen – altså «romdelinga» i området rundt eit gen, seier Houge.

Dersom gen kjem i feil «rom» eller blir påverka av rommet ved sidan av, kan dei bli feilregulert, noko som kan gi ulike konsekvensar avhengig av kor feilreguleringa skjer.
Studien viser også at gen i same «rom» har ein tendens til å bli påverka likt av områda rundt.


Kan forklare hyppigare førekomst av autisme hos gutar

Same type genomisk analyse som er gjort i denne studien blir no nytta på ein studie av autisme som utgår frå Haukeland Universitetssjukehus. Hypotesen er at den auka sårbarheita for autisme som ein finn hos gutar, kan skuldast liknande type feilregulering.