Situasjonen i Ulvik, Voss og nabokommunane

Det er oppdaga nye tilfelle av det muterte korona-viruset i fleire av kommunane i Helse Bergen sitt opptaksområde. Onsdag var det møte mellom Voss sjukehus og sjukehusleiinga i Bergen om situasjonen.
- Det er ein ny mutasjon– men dei "gamle" tiltaka gjeld, seier administrerande direktør Eivind Hansen, som legg til at tilsette som bur i desse kommunane må vere ekstra merksame.

Totalt er det no oppdaga 28 koronasmitta i Ulvik. Det er stadfesta at det er den muterte britiske virusvarianten som har forårsaka smitteutbrotet i Ulvik.

Smittesporing i Ulvik har avdekka fleire nærkontaktar i Voss herad. Det er og oppdaga tilfelle i andre nabokommunar. Ulvik har sett i verk tiltak etter FHI sine råd.

Påverkar Voss sjukehus
Situasjonen i desse kommunane påverkar spesielt Voss sjukehus. Sjukehuset har onsdag ein innlagd pasient med Koronasmitte. Onsdag var det eit beredskapsmøte mellom leiinga i Bergen, Smittevern og leiinga på Voss der smittesituasjonen i opptaksområdet til Voss var tema.
 
- Sjukehusleiinga følger situasjonen tett, og vi er i god dialog med Voss sjukehus, seier administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen. - Pr i dag er det ikkje aktuelt at vi endrar nokre av dei overordna rutinene. Sjølv om vi veit at den nye varianten er meir smittsam, er det dei same smittervernstiltaka som gjeld på jobb og i fritida, og dei vanlege rutinene som gjeld arbeid i sjukehuset.

Det er seks medarbeidarar ved Voss sjukehus som kjem frå Ulvik, nokre av desse er i karantene. - Tilsette frå dei aktuelle kommunane skal følgast opp av nærmaste leiar, seier Hansen. 

- Rette tiltak i kommunane
- Kommunane har så langt vi kjenner til gjort tilstrekkelige tiltak, seier Hansen.  Pandemikoordineringsgruppa følger no opp om det er behov for ekstra smittevernutsyr i Ulvik.  Helse Bergen har allereie  pakka og sendt avgårde smittevernutstyr til Ulvik med eigen bil. Det er og hurtigtestar tilgjengeleg på Voss og Ulvik ved behov.

Planlagd nedtrekk i aktivitet både på Haukeland og på Voss
Helse Bergen vil ta ned aktiviteten i kortare periodar både på Haukeland og på Voss. Voss sjukehus vil ta ned litt aktivitet allereie i neste veke for å øve personell. På Haukeland vil det bli litt lavare planlagd aktivitet i veke 7. Då skal Kirurgisk serviceklinikk drive opplæring av personell som kan flyttast til intensiv- og postoperativ for å bistå i henhold til pandemiplanen. Dette skjer den 16. og 17. februar.
 
Ny virusmutant - same tiltak
- Vi hadde eit godt møte med sjukehusleiinga i dag og vi er glade for det tette og gode samarbeidet mellom Bergen og Voss, seier direktør på Voss sjukehus, Olav Lødemel. Både Hansen og Lødemel understrekar at det er viktig at tilsette som bur på Voss og i nabokommunane no er ekstra merksame og følger nasjonale og lokale råd og tiltak.


- Samtidig må vi hugse at det er dei same tiltaka vi kjenner så godt som gjeld, sjølv om det muterte koronaviruset no er oppdaga i vårt område, seier Hansen.


For meir informasjon:

Eivind Hansen, administrerande direktør, Helse Bergen

932 30 380

Olav Lødemel, Direktør Voss sjukehus

92090310

Bilete av Hansen og Lødemel finn du på Flickr.