Si ja til organdonasjon på helsenorge.no

Tal frå Oslo universitetssykehus viser at det så langt i år er gjennomført langt færre organdonasjonar enn på same tid i fjor. No skal ein nasjonal folkeopplysningskampanje bidra til auka merksemd både i befolkninga og blant helsepersonell. Samstundes blir det lettare å seie ja til å bli organdonor.

Lofthus, Hoie, Bergland-rikshospitalet
Saman for fleire donorar: Cathrine M. Lofthus (f.v.), administrerande direktør i Helse Sør-Øst RHF, helseminister Bent Høie, og Christine Bergland, direktør i Direktoratet for e-helse. Foto: Direktoratet for e-helse.

​I Noreg er det til ei kvar tid kring 450 personar som ventar på eit nytt organ. Tal frå Oslo universitetssykehus viser at det så langt i år er gjennomført 67 donasjonar i Norge, 20 færre enn på same tidspunkt i fjor. Dette talet er høgt når vi veit at éin donor kan gje nytt og betre liv for opptil åtte personar. I gjennomsnitt blir det nytta tre-fire organ frå kvar donor.
– Undersøkingar viser at åtte av ti personar i Norge er positive til organdonasjon. Til trass for dette, er det altfor mange som ventar på nye organ, seier Høie.

For å auke kunnskapane om organdonasjon i befolkninga og bidra til at fleire uttrykkjer ønsket sitt om å vere donor, er det etablert ei elektronisk løysing som gjer det mogleg å fylla ut eit digitalt donorkort i kjernejournalen. I tillegg har Høie gitt Helse Sør-Øst RHF ansvaret for ein nasjonal informasjonskampanje som skal auke talet på donorar.

Nasjonal kampanje

I samarbeid med dei tre andre helseregionane gjennomfører Helse Vest i haust ein informasjonskampanje ut mot befolkninga og alle helseføretak i landet.

– Vi veit at fleire tilsette i helseføretaka følar at det er både vanskeleg og kan vere tidkrevjande å ta opp spørsmålet om organdonasjon i situasjonar der pårørande opplever ein brå og uventa død. Men erfaringar viser at pårørande er positive til at temaet organdonasjon blir tatt opp, uansett om svaret blir ja eller nei, seier Cathrine M. Lofthus, administrerande direktør i Helse Sør-Øst RHF.

– Det er i dag 26 donorsjukehus i Noreg, kvart enkelt av dei kan gjere ein skilnad. Om kvar og ein av desse sjukehusa identifiserer ein donor ekstra i året, vil det bety enormt mykje for dei som treng eit nytt organ for å overleve, eller for å leve eit fullverdig liv, seier Høie.

Si ja i kjernejournalen


Kjernejournalløysinga på helsenorge.no som vil gjere det lettare for befolkninga å seie ja til å bli donor, vil òg vere til hjelp for helsepersonell når spørsmålet om organdonasjon blir aktuelt.
Men, eit utfylt donorkort er ikkje nok, dersom ikkje pårørande er informert. Pårørande vil alltid involverast i ein donasjonsprosess, og bli beden om å stadfeste avdøde sitt standpunkt.

– I kjernejournalløysinga, på helsenorge.no har du høve til sjølv å skrive inn dine pårørande og be om at dei får tilsendt ei tekstmelding som fortel om standpunktet ditt, seier Christine Bergland, direktør i Direktoratet for e-helse.

Les meir om organdonasjon.