HELSENORGE

Så mange medarbeidarar er vaksinerte på sjukehusa

Nær 100 prosent av medarbeidarane på sjukehusa i Helse Vest har fått første dose med koronavaksine. Over 40 prosent har allereie fått dose tre. 

Dashboard - covid-19 vaksinering av tilsette. Grafisk illustrasjon

Statistikken over talet vaksinerte medarbeidarar er oppdatert til og med 15. desember 2021.

Det viser at sjukehusa jobbar godt og systematisk med å vaksinere alle medarbeidarane sjølv. Det gir tryggleik for både pasientane som skal behandlast på sjukehusa og medarbeidarane sjølve. Vaksinasjon er, som regjeringa og FHI har påpeikt lenge, vegen ut av pandemien, seier administrerande direktør i Helse Vest, Inger Cathrine Bryne.


Ferske tal frå Helse Vest viser at nær alle medarbeidarar på sjukehusa i Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger og Helse Bergen vaksinerer seg.

​Over 40 prosent fått tredje dose  

Over 32 700 medarbeidarar i sjukehusa i vest har fått første dose. Og meir enn 31 300 medarbeidarar har teke dose to, medan det til no er over 13 400 av medarbeidarane som også har fått den tredje dosen. Tala inkluderer ikkje berre faste tilsette, men studentar, vikarar, avtalespesialistar og andre medarbeidarar som har eit aktivt stillingsforhold på sjukehusa. Det er også viktig å hugse på at talet ikkje kan bli nøyaktig hundre prosent, for nokre medarbeidarar skal ikkje ta alle dosane ​– til dømes dei som allereie har vore smitta med korona.

– Kvar einaste ein av dei over 30 000 medarbeidarane i Helse Vest er viktige for at pasientane skal få trygge og gode helsetenester. Derfor er det gledeleg å sjå at over 40 prosent av medarbeidarane allereie har fått tredje dose, held Bryne fram.

I januar vil dei aller fleste medarbeidarane i Helse Vest truleg ha fått tredje dose. Grunnen til at det ikkje skjer før er at alle må ha eit intervall på fire og ein halv månad mellom andre og tredje dose.​