HELSENORGE

Redusert kapasitet på parkeringsdekket i Sentralblokka

Grunna akutt reparasjonsarbeid, vil det i periodar av november og desember bli redusert kapasitet på parkeringsdekket i Sentralblokka.

- Det er lekkasjar frå parkeringsdekket til underliggande etasje som gjer at vi no må foreta reparasjonar. Vi har rett og slett ikkje noko val, seier Kari Riis, avdelingsleiar Hospitaldrift ved Haukeland.

Ho er vel vitande om at dette vil by på utfordringar for pasientar og pårørande.

- Innanfor parkeringsbommane på Haukeland er det i dag om lag 700 parkeringsplassar. Det er for få plassar til at alle dei som ønskjer å parkere på sjukehuset kan få ønsket sitt oppfylt. Derfor vil det bli ekstra krevjande periodar no i november og desember når vi reduserer kapasiteten ytterlegare, seier Riis.

Arbeidet går over tre periodar:

• Fredag 24. november til og med måndag 27. november

• Laurdag 2. desember til og med søndag 3. desember

• Fredag 8. desember til og med måndag 11. desember

I desse periodane vil kapasiteten på parkeringsdekket vere redusert med om lag 40 plassar.

- Vi har valt å styre unna arbeid i periodane tysdag til torsdag, fordi det tradisjonelt er dei dagane med størst trafikk. Elles arbeider vi døgnkontinuerlig for å bli raskast mogleg ferdige, seier Riis.


Det vil vere trafikkbetjentar på parkeringsdekket, for å informere og rettleie dersom det skulle vere behov for det.

 

Alternative framkomstmåtar

Pasientar og pårørande som ikkje er heilt avhengige av å bruke bil, bør heller velje alternative framkomstmåtar. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen, og ta buss nummer 12 eller 21 det siste stykket opp til Haukeland.

- Av omsyn til dei som er heilt nøydde til å bruke bil, oppmodar vi derfor dei som kan, om å bruke offentleg transport, gå eller sykle. For dei som brukar bil er det som vanleg viktig å berekne ekstra god tid, seier Riis.

Haraldsplass Diakonale Sykehus har nyleg opna nytt parkeringshus i fjellhall, og der er det også mogleg å parkere. Det er om lag ti minutts gange frå parkeringshuset til Sentralblokka.

Ei utfordring

Ei av årsakene til at mangelen på parkeringsplassar er ei større utfordring i dag enn tidlegare, er at stadig fleire pasientar kjem til sjukehuset for dagkirurgi eller poliklinisk behandling, medan færre pasientar blir innlagde. Dei som blir innlagde får ofte skyss til og frå sjukehuset, medan dagkirurgiske- og polikliniske pasientar køyrer sjølve. Derfor aukar også behovet for parkeringsplassar.

- Den tendensen vil berre halde fram. Samstundes er det lite som tyder på at vi vil kunne tilby fleire parkeringsplassar i framtida. Derfor er nok denne utfordringa dessverre komen for å bli, seier Riis.