Den overordna målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern, seier direktør Hans Olav Instefjord i Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen.
- Med det meiner vi blant anna eit heilskapleg pasienttilbod utan det sterke skillet mellom psykisk helse, rus og somatikk.

Illustrasjonsfoto: Colourbox
Rapport på høyring
Utkast til sluttrapport i prosjektet vart sendt på høyring til kommunar og andre samarbeidspartar sist veke, med høyringsfrist 22. mai. I juni skal styret i Helse Bergen behandle rapporten.
Her kan du lese utkastet til sluttrapportUtkastet som no er sendt på høyring, gjeld psykisk helsevern for vaksne. Parallelt vert det jobba med ein langsiktig plan for barn og unge. Dette prosjektet skal levere si anbefaling innan utgangen av 2022.
Samlokalisering opnar nye moglegheiter
Divisjon psykisk helsevern og Avdeling for rusmedisin får overta lokala til Kvinneklinikken når dei flyttar inn i Glasblokkene i 2023. Ein tek også sikte på at poliklinikkverksemda til Olaviken alderspsykiatriske sjukehus skal hit, nær knytt til Helse Bergen si alderspsykiatriske avdeling.
- Ved å gjere seg nytte av at ein no kan flytte store delar av døgnbehandlinga innan psykisk helsevern for vaksne til Haukelandsområdet, blir det mogeleg med eit tettare samvirke og utveksling av tenester med somatiske einingar, påpeikar Instefjord.
- Det opnar også opp for at området på Sandviken kan utviklast til å bli spesialtilpassa for å møte behova til pasientar som treng lengre behandlingstid og rehabilitering.
Fire prosjektgrupper
Gjennom våren og hausten 2021 har fire prosjektgrupper jobba fram forslag til korleis ein best kan innrette det samla tenestetilbodet. Gruppene har hatt brei representasjon frå tilsette, tillitsvalde og brukarar. Delrapportane frå arbeidet i desse gruppene dannar grunnlaget for utkastet til sluttrapport, som no er på høyring.
- Eg vil takke prosjektgruppene for eit godt arbeid, seier Instefjord.
- Dei har svart ut på ein klok måte korleis vi kan sikre betre samhandling mellom psykisk helsevern, rus og somatikk, korleis vi kan få til eit meir differensiert tenestettilbod, og ikkje minst korleis vi kan betre tilgjengelegheita for brukarane.
Viktig å tenke heilskap
Ove Vestheim er leiar i Erfaringspanel psykisk helse og rus i Helse Bergen og ei av brukarstemmene i prosjektet. Han er glad for at ein no tenker meir heilskapleg rundt denne pasientgruppa.
- Det er svært viktig at ein kartlegg både den somatiske og psykiske helsa til pasientane, inkludert rusbruk og livssituasjon, meiner han.
- Det vil det bli endå betre moglegheiter for med samlokalisering på Haukelandsområdet. Mindre fysisk avstand kan bidra til å gjere samhandlinga mellom psykisk helsevern, rusmedisin og somatikk enklare, til beste for pasientane. Det vil kunne gi denne pasientgruppa større tryggleik både fysisk og psykisk, med riktig hjelp på riktig stad og til riktig tid. Også for pårørande vil det kunne gi større tryggleik og medføre mindre belastning.
Vegen vidare
Til hausten startar del 2 av prosjekt Psykisk helsevern for framtida. Dette er konseptfasen for KK-bygget.
- I perioden fram til bygget står ferdig, er det viktig å jobbe med det faglege innhaldet parallelt, understrekar Instefjord.
- Vi skal tenke samhandling på tvers av faga og bygge kultur.
Tillitsvalde, verneteneste og erfaringskompetanse vil bli trekt inn i det vidare arbeidet også, som startar hausten 2022.
- Når vi kjem til årsskiftet 2026/2027 har vi utvikla både Haukelandsområdet og Sandvikenområdet til faglig gode behandlingsstader, seier Instefjord.