Prestisjefull Toppforsk-tildeling til Haukeland

Haukeland universitetssjukehus, ved prosjektleiar og overlege Cecilie Svanes ved Yrkesmedisinsk avdeling, har for første gong blitt tildelt Forskningsrådets prestisjetunge Toppforsk-midlar.

Midlane går til prosjektet «Preconception exposures and related epigenetic mechanisms in asthma and allergies”, som fokuserer på den potensielle tydinga av miljøeksponering før graviditet for utvikling av astma og allergi hos barn.

Prosjektet mottar NOK 12,5 mill. over 5 år fra Forskningsrådet, i tillegg til at sjukehuset sjølv stiller med eit tilsvarande bidrag.

Fellesløft

Løyvinga av dei prestisjetunge FRIPRO Toppforsk-midlane for søknadsrunden i 2017 vart offentleggjort av Norges Forskningsråd onsdag 31. januar. Toppforsk er del av eit initiativ kalla Fellesløftet, for å få til spleiselag for framståande forsking mellom Forskningsrådet og institusjonane sjølve. Midlane skal bidra til at gode forskarar og sterke forskingsmiljø kan utvikle seg til å bli blant dei internasjonalt leiande innanfor sine fagfelt.

Miljøeksponering før graviditet

Cecilie Svanes og forskingsmiljøet hennar leier det store, internasjonale RHINESSA-prosjektet som undersøker lungehelse, allergiar og assosierte sjukdommar i fleire generasjonar i kohortar følgt over 20 år i sju ulike land.
Formålet med forskingsprosjektet som no har fått Toppforsk-midlar tar utgangspunkt i foreløpige data som kan tyde på at miljøeksponering før graviditet kan ha tyding for utvikling av astma og allergi hos barn. Ved hjelp av data frå RHINESSA-studien og helseregister skal faktorar som snus, røyk, yrke, fedme, diett, antibakterielle kjemikaliar, mikrobiell diversitet og infeksjonar, grøntareal, luftforureining, innemiljø, mental helse og livskvalitet undersøkast for å sjå kva tyding dei har for om barn utviklar astma og allergi.