Personvernendringar i e-resept

Frå 1. januar 2019 trådde forskriftsendringar for pasientens legemiddelliste i kraft. Endringa er eit viktig steg mot tryggare legemiddelbehandling. Helsepersonell som behandlar deg har no enklare tilgong til å sjå dine legemidlar.

Logg inn på helsenorge.no og se dine legemidler
Det er ikkje lenger er eit krav om at leger må innhenta samtykket ditt for å kunna sjå dine legemidlar. I staden får du ein rett til å blokkera helsepersonell frå innsyn. Dette kan du sjølv gjera på helsenorge.no, eller du kan få hjelp ved å ringa: 23327000 .
Endringa er viktig for å redusera mengder uaktuelle reseptar, det vil si reseptar som ikkje skal brukast og skulle vore tilbakekalt. I dag har vi for mange slike uaktuelle reseptar, noko som medfører risiko for feil bruk av legemidel. Dette kan i verste fall vera skadeleg. Innhenting av samtykke har hittil gjort det vanskeleg for leger å rydda i uaktuelle reseptar. No er ikkje dette lenger ein hindring.
Ved å logga inn på helsenorge.no får du oversyn over reseptane dine. Her kan du òg sjå logg over helsepersonell som har set på dine legemiddel og du har høve for å blokkera helsepersonell for innsyn.

Ta gjerne kontakt med lega dersom du har spørsmål til legemiddellista di, eller dersom du har reseptar du ikkje brukar. Det er berre legar som kan rydda i reseptane dine. Slik kan du sjølv bidra til betre oversyn og at du får ei tryggare legemiddelhandsaming.

Les meir om legemidlar og e-resept på:
helsenorge.no

Vil du vite mer: