Denne veka informerte Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen om at dei frå 14. september 2020 ville vere utan avtale for transport av pasientar med rekvisisjon i fleire distriktskommunar.
Her kan du lese meir
Helse Bergen HF har i dag fredag hatt ei intern drøfting om saka, i tillegg til dialog med både kommunar og brukarar i dei berørte områda.
Med bakgrunn i ei heilskapsvurdering av den umiddelbare konsekvensen endringa medfører for pasientane i dei berørte områda, har Helse Bergen no tilbydd transportørane å forlenge dagens avtale fire veker fram i tid.
- I løpet av denne fire vekers perioden vil vi sikre praktiske ordningar som gjer at det rammar pasientane i minst mogleg grad dersom vi ikkje har fått på plass nye avtalar innan 12. oktober, seier avdelingssjef Ann-Mari Høiland i Avdeling for pasientreiser.
Høiland legg til at dette er 3. gongen Helse Bergen forlenger avtalen med drosjeselskapa.
- Vi er ikkje innstilt på ei ytterlegare forlenging, understrekar ho.
Dette er områda der transportørane no får tilbod om forlenga avtale:
Austevoll, Modalen, Samnanger, tidlegare Fusa kommune, Osterøy, Gulen, Masfjorden og Vaksdal, i tillegg til Ølve og Hatlestrand i Kvinnherad kommune.
Dette utgjer om lag 10 prosent av Helse Bergen sitt pasientreiseområde.
I kommunane Ulvik og Kvam er det framleis dialog om å kome fram til ny avtale.
I Alver og Austrheim kommune er det inngått ny avtale.
Også desse kommunane blir no omfatta av forlenginga av dagens avtalar.
- Vi ønsker god dialog både med transportørar og kommunar for å få ei best mogleg løysing for transport av pasientar i alle kommunar, seier Ann-Mari Høiland.