Laurdag 1. mai var det ein pasient ved Ortopedisk klinikk på Haukeland universitetssjukehus som avla positiv covid-19-test i samband med rutinetesting før utskriving til sjukeheim. Pasienten er fullvaksinert og smittesporing vart gjennomførd etter retningslinje. Sju tilsette ved sjukehuset vart sett i karantene. Ingen pasientar blei berørt og hendinga påverka ikkje drifta ved sjukehuset.
Denne pasienten hadde ingen symtom og testen vart kjørt på nytt. I tillegg vart det utført testar i regi av heimkommunen. Alle nye testar var negative og måndag 3. mai er all karantene avblåst.