Pasient testa positivt på Haukeland

Torsdag 29. april har éin pasient på medisinsk klinikk Haukeland universitetssjukehus avlagt positiv covid-19-test i samband med rutinetesting før utskriving til sjukeheim. 

Pasienten er fullvaksinert, og smittekjelda er ukjent. Smittesporing er gjennomførd etter retningslinje, og ein tilsett og fire utskrivne medpasientar er sett i karantene. Den aktuelle sengeposten vil ha stopp for inntak av nye pasientar inntil det føreligg svar på test tatt av samtlige inneliggande pasientar i avdelinga (forsterka TISK). 

- Smittetilfellet får ikkje store driftsmessige konsekvensar i og med at kun ein tilsett er sett i karantene, seier kommunikasjonsdirektør Erik Vigander.            

Oppdatert 3. mai: 

Smittesituasjonen er under kontroll og avdelinga opnar igjen for inntak av nye pasientar.