Pasient med koronasmitte innlagt på Haukeland

Ein pasient som kom akutt sjuk inn til Akuttmottak måndag ettermiddag, har testa positivt på koronaviruset. Pasienten oppfylte ikkje kriteria for mistanke om koronasmitte og vart derfor ikkje isolert ved innlegging.

Pasienten hadde kome heim frå reise til utlandet 15 dagar tidlegare, men ikkje frå område med vedvarande spreiing av koronavirus.

Etter kvart vart det fatta mistanke om at dette likevel kunne vere koronasmitte, og pasienten vart lagt på isolat og nødvendige smitteverntiltak sett i verk.
Pasienten har vore i kontakt med tilsette frå fleire avdelingar før mistanken om koronasmitte oppstod. Desse tilsette blir no kontakta, og dei vil få heimekarantene i 14 dagar, etter anbefalingane frå Folkehelseinstituttet.

Dette er definisjonen på å vere eksponert for smitte:

Fysisk kontakt med pasienten (handhelse, undersøke, ta blodprøvar), eller vore nærare enn to meter i meir enn 15 minutt.

Tilsette som har vore eksponerte er ikkje smittsame no. Det betyr at andre som har vore i nærleiken av desse ikkje sjølve er utsett for smitterisiko.

Pasientar som kan ha vore eksponert for smitte frå den koronasmitta pasienten i Akuttmottaket på måndag, vil bli kontakta direkte. Dette gjeld pasientar som har opphalde seg i same område som den koronasmitta pasienten.

Sjukehuset har no skjerpa rutinene for mottak av pasientar med symptom på luftvegsinfeksjon (snue, hoste, feber).

Vi har varsla smittevernlege i aktuell kommune, som vil iverksette nødvendige tiltak.