Pasient død etter covid-utbrudd på Haukeland

Ein pasient som blei smitta av covid-19 i forbindelse med utbrotet på to avdelingar på Haukeland universitetssjukehus, døydde mandag. 

– Sidan pasienten blei smitta med covid-19 her på sjukehuset, har vi meldt dødsfallet som ei alvorleg hending til Statens helsetilsyn, seier fagdirektør i Helse Bergen, Marta Ebbing.​

– Vi vil også følge opp saka internt etter våre gjeldande rutiner for smitte oppstått medan pasient var inneliggande for annan tilstand.  Vi har medkjensle for dei pårørande og beklagar det som har skjedd. Vi gjer alt vi kan for å beskytte pasientane, men med den pågåande smittesituasjonen i samfunnet rundt oss, må vi dessverre forvente at smitte kan forekomme også her på sjukehuset