Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pårørandedagen 2022: Takk for innsatsen!

- Pårørandedagen 22. september er ei god anledning for sjukehuset til å anerkjenne og gi honnør til alle som står i pårøranderollen, seier Linda Haugland, leiar i Brukarutvalet i Helse Bergen. - Som pårørande er vi spesialistar på pasienten, det er ein ressurs som bør benyttast.

Publisert 22.09.2022
En gruppe mennesker som smiler
​Både Brukarutvalet og Erfaringspanel for psykisk helse og rus har definert “Pårørande” som hjartesak for 2022.  
- Ei hjartesak betyr at brukarmedverkerane bidrar til å setje eit tema på dagsorden gjennom å belyse det i ulike fora, dele perspektiv inn i arbeid ein deltar i i sjukehuset, og for eksempel gjennom å markere dagar som denne, fortel Ove Vestheim, leiar i Erfaringspanel for psykisk helse og rus. 
 
Ungdomsrådet i Helse Bergen er for eksempel aktive i sosiale media og får gjennom Instagram fram ei tydeleg stemme om deira hjartesaker, fortel Johanna i Ungdomsrådet.  
Blant Ungdomsrådets hjartesaker er “overgangar”, både overgangar fra barn- til vaksenavdeling/-pasient, men også overgang frå sjukehus til kommune/heim/skule/fritid. Johanna trekkjer fram kor viktige dei pårørande er i nettopp desse overgangane.  
- Pårørande til barne- og ungdomspasienten kan hjelpe til med å dele informasjon om pasienten til sjukehuset, og hjelpe pasienten å huske informasjon som sjukehuset har gitt, seier ho.
- Når ein står i ein sjukdomsfase er ein ofte sårbar og bekymra, då er det ekstra godt å ha med ein trygg pårørande.  
 
Irmelin​ Fimreite, pårørandekonsulent ved ReHabiliteringsklinikken​, samtykkjer. 

- Som pårørande ønsker ein å vere ein ressurs for pasienten. Men for å ha kapasitet til å vere ein slik ressurs treng ein ivaretaking, påpeikar ho.  
- Etter at at eg sjølv vart pårørande vart eg veldig engasjert i korleis pårørandetilbodet i spesialisthelsetenesten var, for eg så både det som fungerte godt, og mindre godt. 

 
Som del av jobben sin i klinikken har Fimreite blant anna bidratt til utvikling av eit e-læringskurs om vanlege reaksjonar hos pårørande til pasientar med alvorlege sjukdommar. Irmelin ønsker seg gjerne fleire pårørandekonsulent-kollegaer i Helse Bergen. 

Dei fleste vil i løpet av livet oppleve å vere pårørande til ein dei er glad i, det er ei vanleg rolle å stå i. Som pårørande vil ein ofte stå i eit dilemma mellom å vere til stades for pasienten, og samtidig ta vare på seg sjølv. At helsepersonell anerkjenner dette dilemmaet er viktig. Det kan innebere enkle ting som å gi informasjon eller å førebu pårørande på kva som kan kome etter ei utskriving.  

- Derfor inviterer vi med oss alle dyktige helsearbeidarar i Helse Bergen i dag til å seie eit stort “Tusen takk” til besteforeldre, barn, ungdom, foreldre, søsken og venner for den viktige innsatsen de gjer som pårørande, seier Linda Haugland. 
 
Ho og dei andre kjem samtidig med ei oppfordring til helsepersonell om å inkludere pårørande, slik at dei kan vere ein ressurs både for pasienten og for sjukehuset.  

- Ein kan starte med å spørje; Kva er viktig for deg?, for å ha det godt som pårørande, avsluttar firkløveret frå Brukarutvalet, Ungdomsrådet, Erfaringspanel for psykisk helse og rus og ReHabiliteringsklinikken. 
 

Sjekk ut desse lenkene for fleire tips om pårørandearbeid i Helse Bergen:

 
“Pårørende; kunsten å bry seg om både andre og seg selv”I podcasten «Klokt om livet» - om livet og helsa i eit større perspektiv - Helse Bergen (helse-bergen.no)

24. September, Psykiatrisk klinikk: