Palliativ strategi med uventa konklusjon?

Konklusjonen var kanskje noko uventa då arbeidsgruppa i strategi for lindrande behandling landa på at det ikkje bør opprettast ei eiga palliativ sengepost ved Haukeland universitetssjukehus.

Leiinga ved Haukeland universitetssjukehus oppretta våren 2015 ei arbeidsgruppe for å lage strategi for lindrande behandling. Denne er no på plass. Hovudmålet med ein slik strategi er å betre tenestetilbodet til pasientar som har alvorleg, uhelbredeleg sjukdom og til deira pårørande.

– Dette er ei av dei mest sårbare gruppene helsevesenet tar hand om, og krev derfor ekstra merksemd og kompetanse. Ein slik strategi er også meint å hjelpe og trygge dei tilsette i ivaretakinga av desse pasientane, forklarar leiar for strategiarbeidet, Margrethe Schaufel.

Palliativ strategi (pdf)

Kartlegginga som arbeidsgruppa har gjort tydar på at det er om lag 150 palliative pasientar til behandling/oppfølging ved sjukehuset til ei kvar tid. Desse pasientane høyrer til på mange ulike somatiske avdelingar og kartlegginga viste at kvaliteten på det palliative tilbodet varierer frå avdeling til avdeling.

Argument for ein palliativ sengepost

Det er fleire gode argument for kvifor ein bør ha ein palliativ sengepost.

– Overflytting av dei mest krevjande pasientane til ei palliativ avdeling internt i sjukehuset, ville vore med på å avlaste dei travle, store kliniske avdelingane ved sjukehuset. Dei ville fått frigjort kapasitet til å ta hand om fleire pasientar som drifta deira i første rekke er retta inn mot.  Ei slik eining vil også gje ei heilt anna ro enn ein travel sengepost, og vil vere betre for dei sjukaste og mest komplekse pasientane, seier Schaufel.

Så kva er grunnen til at sjukehuset ikkje bør ha ei eiga palliativ sengepost?

Argument mot ein palliativ sengepost

– Det er viktig å ta med i vurderinga at mange palliative pasientar har nytte av å ligge på primæravdeling knytt til spesialkompetanse innan til dømes respirasjonssvikt, hjartesvikt eller kirurgi, samtidig som dei treng spesialisert palliasjon. Å flytte dei mest komplekse palliative pasientane frå dei vanlege sengepostane pasienten høyrer til, vil kunne føre til at postane får mindre erfaring med palliative pasientar og mindre palliativt fokus i pasientbehandlinga, forklarar Schaufel.

– Dette vil kunne hindre tidleg integrering av palliative tiltak for mange pasientar. Ei spesialeinig for palliasjon vil berre kunne ta hand om eit fåtal pasientar, og er svært ressurskrevande. Arbeidsgruppa meiner at det er behov for å styrke kvaliteten på grunnleggande palliasjon ved dei ulike avdelingane, før ein eventuelt tek ei ny vurdering av om det er behov for ei palliativ sengepost internt på sjukehuset, seier Schaufel.

Det er i den samanhengen viktig å utnytte det tilbodet Sunniva senter ved Haraldsplass Diakonale Sykehus har til pasientar som treng spesialisert palliativ behandling.

- Vidare er det viktig å hugse på at palliative pasientar ønskjer å vere heime, eller så nært heimen som mogeleg, også i livets sluttfase. Arbeidsgruppa meiner derfor at det er viktig at spesialisthelsetenesta bidrar til å styrke kompetansen i kommunane, og at vi blir betre på å gjere overgangen til kommunale tilbod så gode som mogleg, seier Schaufel.

Opprettar Fagråd for palliasjon

Basert på undersøkingane som er gjort tilrår arbeidsgruppa at det blir oppretta eit Fagråd for palliasjon. Fagrådet skal bidra til at strategien med forslag til tiltak blir implementert i sjukehuset.

- Det vil vere ulikt frå avdeling til avdeling kva tiltak det er behov for å sette i verk for å nå hovudmål og delmåla i rapporten. Fagrådet skal bidra til at dei riktige tiltaka frå rapporten vert implementerte ved dei avdelingane som treng det, seier Schaufel.

Stor takk til alle som bidrog

Schaufel ønskjer på vegne av alle i arbeidsgruppa å rette ein stor takk til alle dei medarbeidarane i sjukehuset og kommunane som har bidrege til arbeidet med strategien. 

- Utan den formidable hjelpen hadde vi ikkje fått på plass denne strategien. Særleg må eg trekkje frem avdelingane på sjukehuset som har gjort eit nitidig arbeid med å kartleggje palliative pasientar. Nokre avdelingar har sett på over 100 pasientar i løpet av prosessen. Det er imponerande. Det er takka vere dei vi kan vere stolte av den strategien som vi har fått på plass.

Fakta: Tilbodet i kommunane

Arbeidsgruppa har også gjennomført ei kartlegging av det palliative tilbodet i kommunane. Kartleggingsskjema blei sendt ut til 22 kommunar, og det kom inn 16 svar.

  • På spørsmål om kva som fungerer godt i tilbodet, løftar dei fleste fram god intern samhandling, tverrfagleg samarbeid og nytta av gode system. Nettverk av ressurspersoner, palliative senger/einingar og samarbeid med Sunniva uteteam og Palliativt team HUS er viktige faktorar for eit tilbod av god kvalitet.
  • Kommunane opplever variasjon mellom avdelingane på Haukeland universitetssjukehus som utfordrande. Mangelfulle opplysningar og svikt i informasjonsoverføring og tilrettelegginga ved utskriving går igjen når utfordringane blir skildra.

Fakta: Auka behov og kvalitet 

Ei rekkje faktorar tilseier at talet på pasientar med behov for palliativ behandling vil auke dei næraste åra. Mange av dei livstruande sjukdomane som fører til behov for palliativ behandling vil ha ein aukande førekomst, fordi talet på eldre i befolkninga stig. Dette gjeld til dømes hjartesvikt, KOLS, demens og kreft. Fleire lever lenger med sjukdomen sin, noko som gjer at dei har behov for lindrande tiltak over lengre tid.

Eit anna aspekt er auka bruk av poliklinisk behandling, som inneber at palliative tiltak tidleg i sjukdomsforløpet må setjast inn i ein poliklinisk samanheng.

Arbeidsgruppa meiner at kvaliteten på det palliative tilbodet blir kjenneteikna ved følgjande punkt:

  • at pasientar til ei kvar tid har tilgang til nødvendig kompetanse i forhold til behova sine
  • at behandlinga er prega av kontinuitet med trygge overgangar
  • at organiseringa av tilbodet tar i vare pasienten sitt grunnleggande behov for tryggleik og verdigheit
  • at den palliative behandlinga blir gitt så nær heimen til pasienten som mogleg