Palliativ sengepost:
Frå 1. mars opprettar Helse Bergen ei mellombels sengeeining.
Fram til 15. mai 2022 skal vi leige lokale av Haraldsplass Diakonale Sykehus (HDS) og fortsette å drifte sengeposten i dei same areala som den er i no.
Frå 15. mai fram til sommaren/hausten 2023 flyttar sengeeininga inn i deler av OT 1 Øst i 7. etasje i Sentralblokka.
Frå sommaren/hausten 2023 flyttar Palliativ sengepost inn i endelege lokale med plass til 12 sengar.
Tilvising:
For pasientar innlagd ved HUS:
Frå 1. mars vil palliativt team fortløpande vurdere kven av pasientane med palliative behov innlagt på HUS som har behov for plass på den palliative sengeeininga.
Pasientar som er aktuelle for palliativ avdeling i kommunane (Bergen Røde Kors, Askøy) skal også vurderast av Palliativt team først for å avklare rett behandlingsnivå.
Slik det er i dag vert alle søknadar til Sunniva sengepost, Palliativ avdeling ved Bergen Røde Kors Sykehjem, og Lindrande eining i Askøy kommune, behandla av vurderingsutvalet for palliative sengeplassar i Bergensområdet. Utvalet vurderer alle søknadar med tanke på å gi pasienten eit tilbod på rett stad, og rett nivå, og til rett tid. Utvalet har per i dag møte kvar tysdag og torsdag.
Tilbodet til palliative pasientar utanfor sjukehuset er også i endring
Tilvisingar som til no har vore sendt til poliklinikk og uteteam ved Sunniva avdeling for lindrande behandling, skal frå 1. mars sendast til Palliativt team i Helse Bergen, under føresetnad av at pasienten ikkje høyrer til Haraldsplass Diakonale Sykehus sitt lokalsjukehusområde.
Tverrfagleg personale frå Palliativ sengepost og Palliativt team i Helse Bergen vil i denne perioden forsøke å løyse flest mogleg problemstillingar via video-/telefonkonsultasjonar. Om nødvendig får pasienten tilbod om time ved poliklinikk med relevante behandlarar. Ved behov for akutt hjelp av lege/sjukepleiar utanfor sjukehuset, blir dette vurdert ut frå problemstilling og kapasitet.
Haraldsplass Diakonale Sykehus vil etter omstruktureringa utvikle Sunniva palliativt team - eit behandlingstilbod på lokalsjukehusnivå. Det tverrfaglege teamet vil ha konsulentverksemd i alle sjukehuset sine avdelingar, poliklinikk, og ambulant funksjon i samarbeid med primærhelsetenesta.
Kommunalt palliativt team er også nyleg etablert i Bergen. Teamet kan bidra med råd og rettleiing kring pasientar, anten på telefon eller gjennom praktisk bistand i nært samarbeid med dei involverte aktørane.
I tida fremover vil desse tre aktørane saman avklare korleis det totale tilbodet til palliative pasientar som ikke er innlagt i sjukehus, blir.
Ekstern tilvising:
Frå 01.03.22 skal tilvisingar til palliativ sengepost som tidlegare vart sendt til Palliativ medisin på Haraldsplass Diakonale Sykehus, sendast til Palliativ medisin i Helse Bergen HF. Adressa er i Helse Bergen sitt adresseregister.
Helse Bergen har frå 1. november 2021 hatt døgnbasert vaktordning for palliasjon, bemanna av legane i palliativt team. Frå 1. mars blir denne vaktordninga tilgjengeleg for heile helseregionen ved behov for råd og drøfting av kliniske problemstillingar.
Førespurnader må rettast til den palliative sengeposten som vidareformidlar etter behov.
Døgnopen telefon til sengeposten er fortsatt 55 97 94 00
Palliativt team kan kontaktast på dagtid (8-15) på telefon 55977320
Frå same dato (1. mars) blir også Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB) flytta frå Kreftavdelinga HUS til Kirurgisk serviceklinikk (KSK, HUS), Smerte og palliasjonsavdelinga. Dette får ingen praktiske konsekvensar for våre samarbeidspartnarar.
Kontaktperson for meir informasjon: