Pakkeforløp for psykisk helse og rus

Dei tre første pakkeforløpa for psykisk helse og rus er klare. Pakkeforløpa skal leggje til rette for god individuell behandling med betre samhandling, klare ansvarstilhøve og gode overgangar. Pasientar skal tilvisast til pakkeforløpa frå 1. januar 2019.

Barn holder hender
 

Pakkeforløpa som no er lanserte er tre generelle pakkeforløp som vil gjelde for ein stor del av pasientane innanfor psykisk helse og rus. Det er pakkeforløp for:


- Vi treng tryggleik og vi treng å kunne føresjå kva som skal skje når sjukdom rammar. Å ikkje vite kva som skjer gjer det tyngre å vere sjuk. I 2015 innførte regjeringa pakkeforløp for kreft. Det har ført til at kreftpasientane har fått betre behandling og føler seg tryggare. No skal pasientar med psykiske lidingar og rusproblem få den same tryggleiken og forutsigbarheita, sa helseminister Bent Høie då pakkeforløpa vart lansert.


Les meir hos regjeringen.no

Fleire pakkeforløp kjem

Det er så langt utvikla sju pakkeforløp for psykisk helse og rus. Dei tre neste pakkeforløpa blir lanserte i desember og er tre tilstandsspesifikke forløp for psykose, tvangslidingar og spiseforstyrringar. Pakkeforløp for gravide som bruker/har brukt alkohol, vanedannande legemiddel og/eller illegale rusmidel kjem noko seinare.
Det er så langt utvikla sju pakkeforløp for psykisk helse og rus. Dei tre neste pakkeforløpa blir lanserte i desember og er tre tilstandsspesifikke forløp for psykose, tvangslidingar og spiseforstyrringar. Pakkeforløp for gravide som bruker/har brukt alkohol, vanedannande legemiddel og/eller illegale rusmidel kjem noko seinare.

Brukermedverknad er heilt sentralt i pakkeforløpa. Pasienten skal involverast i å lage behandlingsplan og skal kunne gi tilbakemelding undervegs, slik at behandlinga kan justerast om nødvendig.

- Pasienten skal ha medverknad i alle avgjersler om si eiga behandling og oppfølging. Hans eller hennar pårørande skal også involverast der det er hensiktsmessig. Det er brukarane som er ekspertar på eige liv, og betre involvering av pasienten og pårørande vil gi betre behandling, seier Høie.

Regionale lanseringskonferansar

For å få til ei god innføring av pakkeforløpa i regionane så arrangerer dei regionale helseføretaka lanseringskonferansar om innføring av pakkeforløp, saman med sentrale aktørar frå den kommunale helse- og omsorgstenesta, spesialisthelsetenesta og brukarorganisasjonane.

Lanseringskonferansar i Helse Vest:

  • Bergen: 15. oktober
  • Stavanger: 16. oktober
  • Førde: 23. oktober

Meir om pakkeforløp for psykisk helse og rus