På tide å sjekke føflekkane

Har du ein mistenkeleg føflekk? 23. mai er Hudsjekkdagen Euramelanoma 2017. Timebestilling startar 2. mai.

Nå kan du få sjekket føflekkene dine uten rekvisisjon. Illustrasjonsbilde: Colourbox

Førekomsten av føflekkreft aukar stadig i Noreg. Spesielt menn er for lite merksame på hudforandringar, og kjem oftare seint til lege med føflekkreft. Eit alvorleg resultat av dette er at menn har nesten dobbelt så høg dødelegheit som kvinner av denne typen kreft.

For å få merksemd om korleis hudkreft kan førebyggast og oppdagast tidleg, arrangerer hudlegar og Kreftforeningen  Hudsjekkdagen Euromelanooma den 23. mai.


- Føflekkreft er som regel enkel å behandle når den blir oppdaga tidleg, seier overlege Rita Grude Ladstein ved Hudavdelinga på Haukeland.

– Skal vi få ned talet på pasientar som døyr av føflekkreft, må nordmenn kjenne faresignal og kome tidleg til behandling.

Hudavdelinga på Haukeland er eitt av mange sjukehus som tilbyr hudsjekk  23. mai.

Bestilling av time

Bestilling av time til Hudsjekkdagen Euromelanoma skjer frå tirsdag 2. mai kl 09.00 og så lenge det er ledige timar.

Hudlegetime kan bestillast på
www.kreftforeningen.no/hudsjekk
og
www.euromelanoma.org/norway,

eller ved å ringe
Kreftlinjen 800 57 338
i opningstida måndag-torsdag kl. 09-20, fredag 09-15.

Hudlegane som deltar i aksjonen tilbyr undersøking av føflekkar utan at du treng rekvisisjon frå fastlegen. Timen kostar kr 345,- i eigendel.

Kven kan få time?

Tilbodet om time til Hudsjekkdagen er for deg som:

• har ein føflekk som har endra seg, så du mistenker føflekkreft,
• er over 25 år. Det er svært sjeldan at nokon under 25 år får føflekkreft. Er du under 25 år og har ein mistenkeleg føflekk, ring fastlegen din eller kontakt Kreftlinjen 800 57 338.


 
I tillegg bør du oppfylle minst to av desse risikokriteria:

1) Du har mange brune føflekkar. Har du over 20 føflekkar på armen, tyder det på at du har mange føflekkar totalt. 
2) Du har ein lys hudtype med eller utan frekner, og lyst eller raudt hår.
3) Du har vore sterkt solbrent ein eller fleire gonger.
4) Du reiser til solrike strøk ein eller fleire gonger i året, eller har gjort det ein periode av livet.
 5) Du er eller har vore ivrig solariebruker, med meir enn 25 solarietimar i året.
 6) Du har føflekkreft (malignt melanom) i nærmaste familie.
 7) Du er over 50 år (dei fleste tilfella av føflekkreft finst hos dei over 50 år).


Passar ikkje kriteria for deg og du ønskjer ein sjekk av huda likevel, ta kontakt med fastlegen din.

Tips gjerne andre om Hudsjekkdagen og faresignal for føflekkreft.