Over 50 millionar til NorCRIN

Forskingsrådet har løyvd vel 50 millionar kroner til vidareutvikling av arbeidet med kliniske studiar.

NorCRIN (Norwegian Clinical Research Infrastructure Network) er ein nasjonal forskingsinfrastruktur med hovudmål å styrke og forenkle samarbeid innan  klinisk forsking i Noreg. I 2015 fekk NorCRIN tildelt 50 millionar kroner frå Forskingsrådet, og i fjor haust søkte dei om nye 53 millionar kroner til vidareutvikling av arbeidet med tilrettelegging for kliniske studiar. Av 114 forskingsinfrastruktur-søknadar til Forskingsrådet gav ein internasjonal ekspertkomité åtte av søknadene toppskår, deriblant søknaden frå NorCRIN.

Les meir om tildelinga hos Forskingsrådet

- Det er ikkje så ofte ein søknad får toppskår, så det er veldig kjekt for oss, seier nestleiar i NorCRIN-styret Camilla Tøndel, Tøndel er leiar av Team Forskingspost ved Seksjon for forsking og innovasjon, Forskings- og utviklingsavdelinga og overlege ved Barne- og ungdomsklinikken på Haukeland universitetssjukehus.

Alle dei seks universitetssjukehusa i landet er partnarar i NorCRIN. NorCRIN er den norske armen av den europeiske forskingsinfrastrukturen ECRIN.

Forskingsinfrastrukturen skal leggje til rette for gjennomføring av kliniske studiar av høg kvalitet. Midlar går til oppgradering og vidareføring der formålet er å ivareta utviklinga av metodikk og krav til kliniske studiar og sørgje for ei langsiktig og bærekraftig drift. Eksempel på infrastruktur er prosedyrar for planlegging, gjennomføring og avslutning av kliniske studiar, datahandtering, monitorering og GCP- kurs.

-Midlane vi har fått betyr auka støtte til kliniske utprøvingsstudiar i heile landet, som igjen vil føre til betre behandling for pasientane, seier Tøndel.

Noko som er i tråd med føringar frå Helse- og omsorgsdepartementet, som ønskjer at sjukehusa skal drive meir med denne typen studiar.

-Dette er strålande jobba av NorCRIN -nettverket, og svært viktig for pasientane våre, seier Marta Ebbing, fagdirektør ved Haukeland universitetssjukehus.

- Skal vi kunne drive kliniske forsøk på universitetssjukehuset, treng vi gode system og høg spisskompetanse, og NorCRIN-tildelinga er med på å sikre dette.


Gjennom NorCRIN-samarbeidet er følgande resultat forventa:

• Fleire forskarinitierte kliniske studiar
• Fleire nasjonale studiar
• Fleire pasientar som deltar i kliniske studiar
• Deltaking i fleire internasjonale (nordiske/EU) studiar
• Fleire industriinitierte studiar
• Auka omfang av og gjennomføringshastigheit på kliniske studiar
• Auka grunnlag for forskingsbasert klinisk praksis