Oppdatert 16. november: Ingen nye tilsette eller pasientar smitta

Det er ikkje registrert fleire tilsette eller pasientar smitta av covid-19 etter utbrotet på ei avdeling på Haukeland universitetssjukehus.

- Vi har no smittespora ferdig og pr kl. 08.30 tysdag morgon har vi ikkje registrert fleire smitta tilsette eller pasientar, seier smittevernoverlege Dorthea Oma. - Det har vore jobba svært godt med smittesporing og testing av dei tilsette på avdelinga, seier ho videre. 

Alle dei tilsette er fullvaksinerte.

Det er framleis inntaksstopp av nye pasientar på delar av avdelinga og avdelinga er stengt for besøk inntil vidare. Det pågår og testing av tilsette og pasientar heile veka og det er forsterka bruk av munnbind blant tilsette.​