Opnar ny sengepost i Sandviken

Psykiatrisk klinikk oppretta denne veka ein ny seksjon i Avdeling for spesialisert psykosebehandling i sjukehuset i Sandviken. Seksjonen «Kompleks Rehabilitering Sandviken» skal gi tilbod om rehabilitering til personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar.


Måndag 29. januar opna posten i det som fram til nyleg har vore sengeposten S2 i Avdeling for spesialisert psykosebehandling.

Ni døgnplassar

Den nye posten har ni døgnplassar, og skal gi eit tilbod til to ulike grupper. Sju av plassane er for personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar som til dømes rus og personlegheitsforstyrringar. To døgnplassar er for personar som har kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrring.


- Heilt nytt

- Dette er eit nytt rehabiliteringstilbod til dei mest utfordrande psykosepasientane. Vi har ikkje hatt eit slikt spesialtilbod før, og er glade for at vi no gjennom styrkt bemanning kan gi desse pasientane eit mykje betre tilbod enn dei har hatt tidlegare, seier Rune A. Kroken som er avdelingsleiar for Spesialisert psykosebehandling i Psykiatrisk klinikk i Sandviken.

Han fortel at rehabilitering av personar med psykoselidingar i hovudsak skal skje i DPSane, men at det er ei gruppe personar med betydelege tilleggsproblem som treng tidsavgrensa rehabilitering i lukka seksjon for å kunne fungere optimalt.


Spissar sjukehustilbodet

Omorganiseringa er del av det overordna målet i psykiatrien om å utvide det spissa sjukehustilbodet for vaksne og å styrke psykisk helsevern for barn og unge. Det er også eit av tiltaka fordi sjukehuset må spare pengar og må tilpasse seg eit stramt sjukehusbudsjett for 2018.


Omfattande samarbeid

- Denne nye måten å jobbe på vil krevje eit omfattande samarbeid med primærhelsetenesta og heimkommunane til pasientane. Vi ser for oss at pasientane er innlagde tre til seks månader før dei skal flytte inn i eigen bustad i kommunen. Når vi gjer ein god jobb med pasientane, vil det vere lettare for kommunen å hjelpe dei vidare. Etter at dei er ferdig behandla hos oss, kan vi hjelpe med rettleiing og langvarig oppfølging, seier Kroken.


- Vi synest også det er gledeleg at det er blitt mogleg å tilby døgnplassar til utgreiing, behandling og rehabilitering av personar med utviklingsforstyrring eller utviklingshemming og samtidig alvorlege psykosar eller stemningslidingar. Det er ei stor gruppe personar med slike tilstander som ikkje har hatt eit godt nok tilbod i vårt sjukehus, og no har vi fått moglegheit til å bygge opp dette, seier Kroken.


Tryggleik og fellesskap

Han meiner det er ein stor fordel at den nye seksjonen ligg midt i eit pulserande og stort sjukehusmiljø.
- Dei tilsette blir del av større kollegium, noko som gir større tryggleik og meir fellesskap. Det vil også bli lettare å tilby pasientane trening og andre tilbod vi har i sjukehuset, seier Kroken.


Du finn informasjon om den nye seksjonen her på nettsidene til sjukehuset.