Opnar meir opp for partnar på Fødeavdelinga

Frå og med veke 20 vil partnar kunne vere med på ultralydundersøkingar og andre avtalar på poliklinikk. 

– Dette er vi mange som har venta på. No gler vi oss til å ta i mot begge to frå neste veke, seier klinikkdirektør på Kvinneklinikken (KK), Susanne Albrechtsen.

Partnar kan no vere på barselbesøk i heile visittida frå kl. 17.00-20.00. Dette gjeld òg for besøk til gravide som ligg inn hos oss til observasjon, både på Kvinneklinikken og på Fødeavdelinga på Voss sjukehus. Ver merksam på at det er kun ein person som kan kome i visittida. Det bør vere same person som er med under fødselen som kjem på barselbesøk under opphaldet på barsel.

Det har heile tida vore lokale og nasjonale smittevernreglar som har lagt til grunn for dei strenge besøksreglane på KK. At tida no er inne for KK å opne meir opp, heng saman med kor langt dei har kome i vaksineringa av dei tilsette.

– No er det forsvarleg, fortel klinikkdirektøren.

– Sjølv om partnar har vore til stades under fødselen i heile pandemien, er det viktig at partnar får vere meir med før og etter også. Vi veit at vi ikkje har klart å kome pasientane våre i møte når det gjeld behovet for å vere saman når dei har vore hos oss. No blir det betre.

Her finn du oppdatert informasjon til fødande under pandemien

Kommende Mor ogfar på ultralyd

Foto: Katrine Sunde. Obs! Bildet er tatt før pandemien.