Opna nytt forskingssenter

Måndag var det offisiell opning av Senter for medisinsk visualisering på Haukeland, frå no av Mohn Medical Imaging and Visualization Centre.

Senteret vart etablert våren 2017, som eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen, med støtte frå Bergens forskningsstiftelse. Senteret skal styrke kompetanse og forsking knytt til bildediagnostikk, og då spesielt dei allereie store utstyrsinvesteringane frå Bergen forskningsstiftelse og familien Mohn. Dette er blant anna høgfelts magnettomografi (MRI), klinisk og preklinisk positronemisjonstomografi (PET) og computer tomografi (CT).

- Pasientar vil i framtida få meir presis behandling grunna betre bildediagnostikk, sa administrerande direktør Eivind Hansen i sin opningstale.
- Senteret gir ny kunnskap og ny innsikt. Her er det samarbeid på tvers av fag, og tette band til klinisk verksemd.

Snorklipping Mohn Medical Imaging and Visualization Centre from Haukeland University Hospital on Vimeo.

Eivind Hansen og rektor ved UIB Dag Rune Olsen stod for den formelle opninga av senteret, og ei snorklipping eit visualiseringssenter verdig.
 
Namneskiftet i forbindelse med opninga seier litt om kva donasjonar frå familien Mohn, via Bergens forskningsstiftelse, har betydd for senteret. Det understreka også Hansen.

 - Vi er heldige som har ein stor og oppdatert maskinpark, sa han.
- Den har vi oppjustert kraftig frå 2004 og fram til no, og Bergen Forskningsstiftelse og Mohn-familien har lagt grunnlaget med alle sine bidrag. Det er vi svært takknemlege for.

Senteret legg vekt på å knyte til seg realfagleg kompetanse, og det overordna, langsiktige målet er å oppnå fagleg eksellense innanfor retningane imaging (fysikk, kjemi, radiologi, radiografi), visualisering (informatikk, matematikk) og klinisk forsking (inklusive in vivo basalforsking og preklinisk validering). Senteret ønskjer å forske på nye metodar innan kvantitativ avbilding og interaktiv visualisering for å varsle endringar hos friske og sjuke menneske.


 
- Samspelet de har mellom forsking, utdanning og klinikk er viktig for å gi dei beste helsetenestene i framtida, understreka Dag Rune Olsen i si helsing under opninga.

 Dette understreka også styreleiar i BFS, Stener Kvinnsland.

- Persontilpassa medisin, eller presisjonsmedisin, er avhengig av eit slikt samarbeid, sa han.

Tidlegare sjukehusdirektør Kvinnsland sa også at bildediagnostikk har vore ei satsing i sjukehuset sidan tidleg 2000-tal, og at det også i forskingsstiftelsen har vore ei eintydig oppfatning av at dette er ei trygg og riktig satsing å støtte.

Kvinnsland_MMIVC.jpg

Senter for medisinsk visualisering har vore i ein oppbyggingsfase inntil det nyleg vart avklart kva prosjektsøknader som har fått finansiering frå Bergens forskningsstiftelse.


Dei tre hovudprosjekta som vann konkurransen om prosjektmiddel handlar om maskinlæring, kreft i det kvinnelege bekken og interaktiv visualisering, og vil vere satsingsområde for senteret framover.

Det nye senteret er forankra i Radiologisk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus og lokalisert i dei nye MRI areala på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her fann også opninga stad.

Tysdag 12. desember er det fagleg konferanse i Bikuben med fokus på maskinlæring i medisin, i tillegg til presentasjonar av dei forskingsprosjekta som nådde fram i BFS sin utlysingskonkurranse.