Opna heroinassistert behandling i Bergen

– Herved erklærer eg HAB for opna i Bergen. Lykke til på ferda. Dette skal bli bra, og vi skal utvikle vegen vidare saman, sa helseminister Ingvild Kjerkol då ho klipte snora for Heroinassistert behandling i Skuteviken måndag.

Publisert 30.05.2022
Sist oppdatert 18.03.2024
En person som holder en rød gjenstand
Helseminister Ingvild Kjerkol klipper snora og erklærer HAB i Bergen for opna. Foto: Øystein Fykse
I 2019 gav Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) Haukeland universitetssjukehus og Oslo universitetssykehus i oppdrag å planlegge og etablere tilbodet om heroinassistert behandling i Bergen og Oslo. Begge prosjekta er ein del av eit femårig forsøksprosjekt.
 
Tilbodet i Oslo kom i drift i januar i år, i mars tok Helse Bergen imot dei første pasientane i heroinassistert behandling (HAB) i Bergen. Måndag var det tid for offisiell opningsmarkering med gjestar frå både departement, Helse Vest, Bergen kommune og brukarorganisasjonar.
Helseminister Ingvild Kjerkol får omvising og møter pasientar i HAB

Helseminister Ingvild Kjerkol med følge fekk omvising i HAB sine lokale og møtte både tilsette og brukarar.​

Bidrar til meir verdige liv

Tilbodet om heroinassistert behandling er ein del av legemiddelassistert rehabilitering (LAR), og målgruppa er personar som er avhengige av heroin og som ikkje har hatt tilstrekkeleg nytte av anna behandling. Per no er det 10 pasientar i HAB Bergen.

– Personar med avhengigheit til heroin og andre opioidar har høg sjukdomsbyrde, og betydeleg redusert forventa levealder. Det er uhyre viktig å ha eit supplerande tilbod til dei som ikkje har hatt tilstrekkeleg effekt av det ordinære tilbodet. Det bidrar til meir verdige liv, seier Christian Ohldieck, avdelingsdirektør i avdeling for rusmedisin i Helse Bergen.
 
Teamleiar i HAB, Vibeke Bråthen Buljovcic, supplerer.
 
– Dette har vore eit etterspurt tilbod frå mange pasientar, seier ho.
– Vi ser no at mange opplever at det gir stabilitet og overskot i kvardagen.
Panelsamtale under opninga av HAB

Administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen, leia ein samtale om betydninga av heroinassistert behandling. Med seg i samtalen hadde han erfaringskonsulent Marianne Pierron, teamleiar i HAB Vibeke Bråthen Buljovcic, avdelingsdirektør i Avdeling for rusmedisin Christian Ohldieck og byråd for arbeid, sosial og bolig Ruth Grung.​

​Oppmøte to gongar dagleg

Det som skil HAB frå LAR er først og fremst legemiddelet. Diacetylmorfin (heroin) kan bli inntatt ved intravenøs injeksjon eller som tablettar og må bli inntatt fleire gonger i døgnet. Dette til forskjell frå LAR-legemiddel (metadon, buprenorfin) som blir inntatt éin gong i døgnet.
 
I praksis betyr dette at pasientane må møte opp for inntak av legemiddelet to gonger dagleg, sju dagar per veke. Det blir ikkje gitt ta-med-heim dosar. Alle inntak skjer under påsyn av helsepersonell i HAB-klinikken. Etter kvart inntak av diacetylmorfin (heroin) må pasienten bli i lokalet ei tid for observasjon.​​
Engen-bygget i Håkonsgaten

HAB i Bergen startar i mellombelse lokale i Skutevikenklinikken i Nye Sandviksvei sidan ombygginga av lokala i Håkonsgaten tar lenger tid enn tidligare berekna. Innflytting i Engen-bygget i Håkonsgaten er planlagt til hausten 2023.


Auka livskvalitet

Internasjonal forsking viser at HAB gir betydeleg redusert bruk av illegal heroin og mindre kriminalitet.

Pasienterfaring og behandlarar si erfaring er at HAB gir pasientar  auka livskvalitet, auka verdigheit og auka moglegheit til å ta del i rehabiliteringstiltak.
 
Ein viktig del av oppdraget til HAB i Noreg er forsking på korleis behandlingstilbodet best kan implementerast som del av LAR, og på effektar av behandlinga på pasientane si helse og livskvalitet.