Opna Brystdiagnostisk senter

Brystdiagnostisk senter har vakse frå 10 til nærare 40 tilsette sidan starten i 1996, og frå om lag 750 pasientar første år til 9000 i året no. På Haraldsplass Diakonale sykehus har dei fått både plass, luft og betre tilrettelagte lokale. Torsdag var det offisiell opning.

 

Fram til januar i år hadde senteret eit trongbudd tilvære i underetasjen på Hudbygget på Haukeland. At lokala ikkje var dei beste, var det ikkje berre dei sjølve og pasientane som la merke til. I si helsing under den offiisielle opninga kunne administrerande direktør Eivind Hansen fortelje følgande historie om då han og styreleiar Svein Gjedrem var på besøk i «kjellaren».

- No må vi hugse kva vi har sett, sa Gjedrem då vi gjekk der i frå. Det er ein enkel måte å gi en beskjed på, sa Hansen til latter frå publikum.

- Det var smart å invitere oss på besøk.

Hansen rosa eit dyktig fagmiljø og ei viktig teneste på sjukehuset, før han fekk æra av å klippe snora og erklære Brystdiagnostisk senter for opna.

Auke i etterspurnad

Overlege og konstituert senterleiar Hildegunn Aase gav gjestane ei kort historisk innføring i kvifor Brystdiagnostisk senter vaks ut av lokala på Haukeland. Grunnane til auke i både tilsette og pasientar, er fleire.

Konstituert senterleiar Hildegunn Aase held tale under opninga av Brystdiagnostisk senter.

Konstituert senterleiar Hildegunn Aase held tale under opninga av Brystdiagnostisk senter.


- Etterspurnaden etter tenestene våre har auka vesentleg dei siste åra, fortalde Aase.

Persontilpassa kreftbehandling for brystkreft, pakkeforløp for brystkreft og auke i talet på kvinner som blir innkalla til screening er viktige stikkord i denne samanheng. Fleire enn tidlegare blir også tilvist frå fastlege for ein sjekk.

-Med den store auken i aktivitet er det ekstra gledeleg  at vi no har flotte, moderne lokale som er betre tilpassa behova til både pasientar og tilsette, sa Aase.

- I tillegg har vi fått nytt og moderne utstyr; mammografiapparat med tomosyntese (tredimensjonal bildeframstilling av brysta), kontrastmammografi og moglegheit for biopsi (vevsprøve). Senteret har også fleire moderne ultralydapparat. Vi nyttar i stadig større grad MR til dei som får påvist kreft.

Fakta om Brystdiagnostisk senter

Ved Brystdiagnostisk senter på Haraldsplass blir det utført klinisk mammografi, som er røntgenundersøking av brysta, og ultralydundersøking og biopsi der dette er nødvendig.
Mammografiprogrammet, der alle kvinner i aldersgruppa 50-69 år får invitasjon til mammografiundersøking anna kvart år, held til i Solheimsgaten på Danmarksplass.


Sterkt fagmiljø

Det sterke fagmiljøet på senteret vart framheva i talane til både Eivind Hansen, senterleiar Aase og avdelingsdirektør Aslak Aslaksen ved Radiologisk avdeling.

- De er flinke og har alltid vore flinke, skrytte Aslaksen.

- Heilt sidan starten har de vore best på alle kvalitetsparameter, og de har vore i forskingsfronten. Dei siste åra har de fått pengar til To Be 1 og To Be 2 (Tomosyntese Bergen), som mange tusen kvinner i Hordaland blir invitert til å delta i, og som får merksemd frå heile verda. Nyleg publiserte de artikkel i The Lancet Oncology.