Opna AMK LA Vest

Kl. 09 tysdag overtok AMK Bergen koordinering og flight following av luftambulansen i Stavanger,  kl. 10 var også Førde med. Éin time seinare erklærte administrerande direktør Eivind Hansen i Helse Bergen AMK LA Vest for offisielt opna. Då var dei første oppdraga alt handtert.

- Gratulerer med vel gjennomført AMK LA-mottaksprosjekt, og gratulerer med opning av R-AMK og AMK LA, sa Hansen etter å ha klippa snora framfor det som skal vere LA-koordinatoren sin faste plass i AMK Bergen.


Administrerande direktør Eivind Hansen klipper snora og erklærer AMK LA Vest for opna.

Administrerande direktør Eivind Hansen klipper snora og erklærer AMK LA Vest for opna.

Hansen gav honnør til alle involverte og rosa samarbeidet i prosessen fram mot ein regional AMK LA-funksjon. Han meiner det er all grunn til å vere optimistisk med tanke på framtida.

- Ved å gjere dette til ein regional funksjon trygger vi både pasientane og dei tilsette. Vi skal jobbe vidare for at dette skal vere bra for heile regionen, og saman oppfylle visjonen om å skape noko som er betre enn det vi er kvar for oss, sa Hansen.

Også klinikkdirektør Hanne Klausen i Kirurgisk serviceklinikk trekte fram det gode samarbeidet som har vore etter at vedtaket om å legge sentralen til Bergen vart fatta. Prosjektleiar Shamini Murugesh fekk ros for å ha styrt AMK LA- mottaksprosjekt med stødig hand, og med god involvering både internt og eksternt.

Prosjektleiar Shamini Murugesh får blom og takk frå leiar av AMK, Karoline Tyssøy Pedersen.

Prosjektleiar Shamini Murugesh får blom og takk frå leiar av AMK, Karoline Tyssøy Pedersen.

Klausen peika på at det ikkje var sjølvsagt at samarbeidet skulle gå så godt, då det var to sentralar som begge ønskte og var aktuelle for å få den regionale funksjonen, nemleg Bergen og Stavanger.

- Helse Vest hadde eit luksusproblem, og måtte velje mellom fleire sterke fagmiljø, sa Klausen.

Ho understreka samstundes at tilbakemeldingane på prosessen frå vedtak til opning har vore gode, frå alle involverte.
Det har vore eit tett samarbeid med alle AMK-sentralane i Helse Vest og dei ulike luftambulansebasane i arbeidet med å bygge opp den sentrale AMK LA-funksjonen. I tråd med vedtaket frå styret i Helse Vest har det også vore eit nært samarbeid med AMK Oslo.


- Og no begynner jobben, avslutta klinikkdirektøren, og gratulerte AMK-leiar Karoline Tyssøy Pedersen med dagen.

Pedersen er leiaren til dei til nye LA-koordinatorane som skal ha sin arbeidsstad i AMK Bergen.

LA-koordinator Øystein Berg hadde fått æra av å ha første vakt i AMK LA Vest.

LA-koordinator Øystein Berg hadde fått æra av å ha første vakt i AMK LA Vest.

Ein av dei er Øystein Berg, som hadde fått æra av å ha vakt på opningsdagen. Berg si karriere innan akuttmedisin starta som ambulansearbeidar på 80-talet, og i AMK har han vore sidan 2002. Han har lang erfaring som ambulansekoordinator, og til liks med dei andre LA-koordinatorane har han også erfaring med flight-following.