For pasientar, pårørande og besøkande gjeld Folkehelseinstituttet sine generelle anbefalingar om bruk av munnbind i offentlege rom. Ein er oppmoda om å bruke munnbind i situasjonar der ein ikkje kan halde ein meters avstand, men det er ikkje noko påbod om bruk av munnbind på sjukehuset.
Tilsette i pasientnært arbeid bør bruke munnbind der tilstrekkeleg avstand ikkje er mogeleg.